På plass på Beito

Publisert 21.11.2013 | InformasjonRenn

Me er no på Beitostølen der det i helga er nasjonalt åpningsrenn fredag, laurdag og sundag.

Programmet:
Fredag: 10/15 km klassisk
Laurdag: 10/15 km skate
Sundag: Sprint skate

I dag har løperane gått gjennom løypa, testa ski og gått nokre drag for å vere klare til rennet i morgo.

20131121-125432.jpg

Smøreteamet med Dag Elvevold og Øystein Ånesen har vore i full sving i heile dag, og kjem nok ikkje til å trekke tilbake til hytta før det blir kveld!

Kl 1400 skal løpere og trenar møte tre av sponsorane, Salice, Spar og Silva, i lag med dei to andre regionlaga.

Resten av dagen vert det avslapping, og så skal me vere klare til innsats!

Fylgj med på NRK1 i morgo!

Skrevet av:

Jostein Vinjerui

Team: Team Veidekke Nord-Norge

Født: 03.03.80

Frå Rauland, Vinje i Telemark, men med to besteforeldre frå Nordland.
Utdanna politi og jobba som det i Tromsø i 4 år før eg byrja å trene TVNN i 2012.