Asiagointervall

Publisert 18.12.2013 | Tips og triksTrening

I dag hadde Maria siste hardøkt før WC i Asiago. Derfor laga me ein klassiskintervall på og rundt skistadion i Tromsø der ho trena på viktige moment det ser ut til at løypa i Italia har.

Økta:
– 30 min oppvarming
– 5 min i3
– 3 x 3 prologer. Ca 3 min i rundløype i4-5 Lange pauser.
– 3 x 45 sek drag med fokus på overgang dobbelttak med fråspark —> diagonal
– 3 x 45 sek drag med fokus på overgang diagonal —-> pigging over bakketopp.
– 3 x start, reaksjonstrening.
– Nedgåing 30 min.

Årsaken til at desse momenta vart vald er:
Prologen er alltid viktig. Utan solid gjennomføring her står ein på sidelinja når heata startar.
Teknikkovergangane er viktig for å holde farta oppe. Løypa i Asiago ser ut til å ha to diagonalbakkar etterfulgt av lange nedoverbakkar, så her er det viktig å få opp hastigheten tidlig.

Gjennomføringa av økta var god, og me håpar dette gir Maria eit lite løft inn mot sprinten laurdag.

Fylgj med på heimesida, kan hende kjem det ein insiderapport frå vår representant i sporet!

Skrevet av:

Jostein Vinjerui

Team: Team Veidekke Nord-Norge

Født: 03.03.80

Frå Rauland, Vinje i Telemark, men med to besteforeldre frå Nordland.
Utdanna politi og jobba som det i Tromsø i 4 år før eg byrja å trene TVNN i 2012.