Oppsumering SC Vuokatti

Publisert 17.12.2013 | Renn

Årets fyrste skandinavisk cup er over, og her kjem ei lita oppsumering frå nordnorsk perspektiv.

Sidan me var blant dei heldige som køyrde til Vuokatti, berre ein liten svipptur på 16 timar med elendige køyreforhold, kunne me spenne på egne ski og gå gjennom løypene torsdag formiddag. Det var fine løyper som innbaud til jobbing og fart heile vegen

Me budde bra på sportsinstitutet med kort veg til stadion og tre måltid servera i kantina under streng bevokting av finske damer som krevde matbong før inngang. Enkelte dagar gjekk lunsjen ubemerka over til middag ift innhald, men me vart mette og nøgde.

Resultatmessig var helga på det jamne, men me er alt i alt nøgde. Pila peiker rett veg for dei fleste mot NM i januar. Sprinten fredag var best med 4. plass til Maria og 7. plass til Andreas. I tillegg persa både Andreas og Roffa i SC med 23. og 35. plass.

Turen heim att gjekk på imponerande 14 timar inkludera:

  • 8 episodar 24, sesong 2, så no har me kome til 19. episode, og ingen anar når me kjem til å sjå resten.
  • Matstopp på burgersjappe som berre solgte pizza
  • Sjåfør som stoppa i Karusvando for å ta med seg to slakta reinsdyr i hengeren
  • Sjølvsagt konumering av masse Bamaprodukt

 

Til slutt er det verdt å nemne at Maria vart belønna med WC i Asiago, dit drar ho i lag med blant anna Veidekkekollegaene Kathrine Harsem og Pål Trøan Aune.

Skrevet av:

Jostein Vinjerui

Team: Team Veidekke Nord-Norge

Født: 03.03.80

Frå Rauland, Vinje i Telemark, men med to besteforeldre frå Nordland.
Utdanna politi og jobba som det i Tromsø i 4 år før eg byrja å trene TVNN i 2012.