NM på Lillehammer neste

Publisert 13.01.2014 | RennUkategorisert

I morgo er det avreise til NM på Lillehammer. Me er ein spent gjeng som har førebudd oss godt mot meisterskapen. Dei siste vekene har Team Veidekke Nord-Norge løperane trena og konkurerra i alle dei tre nordligste kretsane i tillegg til Skandinavisk cup i Sverige og World cup i Tsjekkia.

I perioden etter Vuokatti har utøverane hatt gode treningsveker på +- 20 timar for å vere rusta til NM og resten av sesongen. Me har vore heldige og hatt mykje sno, og stort sett har det vore gode treningsforhold.

Smøreteamet

Smøreteamet stiller max klare! Over herser de til høgre Dag Elvevold og til venstre Øystein Ånesen. I tillegg vert Vegard Karlstrøm med.

Styringsgruppa stiller også med leierane i dei tre kretsane, Svein Robertsen (Troms), Marit Elveos (Nordland) og Per Oskar Andersen (Finnmark) og Hermod Bjørkestøl. Dei vert god hjelp på stavpostar og drikkestasjonar.

Rennprogrammet for NM finn du her, så dåer det berre å benke seg framom TV og heie på alle frå Nord-Norge! Til info har ikkje me gule luer, men vanlige swixluer med raud Veidekkelogo i panna.

 

 

Skrevet av:

Jostein Vinjerui

Team: Team Veidekke Nord-Norge

Født: 03.03.80

Frå Rauland, Vinje i Telemark, men med to besteforeldre frå Nordland.
Utdanna politi og jobba som det i Tromsø i 4 år før eg byrja å trene TVNN i 2012.