Oppsumering av NM

Publisert 22.01.2014 | Renn

NM-veka på Lillehammer er over, og det er på tide å oppsumere. Sjølv utan dei absolutte topplasseringane var det mykje å glede seg over for eit ungt og fremmadstormande mannskap. Eit par gode år med trening vil gje oss løperar heilt i norgestoppen.

Me drog på NM i lag med Team Nord-Norge rekrutt og Troms skikrets, så i alt talte troppen nærare 30 personar. Dei aller fleste løperane i troppen fekk positive opplevingar med seg i bagasjen heim att.

Basen vår på Lillehammer var på jernbanestasjonen. Ja du leste riktig, jernbanestasjonen. Der var det hotelliknande rom med utsikt til spor 1 i tredje etasje, og god mat på kafeen i ankomsthallen.

NM vart innleia torsdag med 10/15 km klassisk. Gledleg var det at Snorri hadde funne tilbake til noko av det som gav han mange fine resultat forrige sesong. 20. plass i NM er det beste han har gjort i klassisk i år. Andreas fulgte opp med ein fin 27. plass etter sterk avslutting.

På sprinten fredag var Maria vårt største håp, og ho innfridde med flott 10. plass etter å ha blitt slått ut i semifinalen.

Duathlonen hadde Rolf Einar sett seg ut som sin beste distanse i NM. I fjor vart han nr 29, og den ville han forbetre.  Han gjorde som ynskja og vart 23. rekruttlagets Martin Mikkelsen 25, Snorri som 31 etter å ha hengt med teten lenge og Andreas vart 38. Enorm framgang frå 84. plassen sin i fjor!

Om me ser bak talla finn me fin framgang. Rolf Einar var for eksempel 1 minutt og 40 sekund nærare vinnaren i år enn i fjor på same distanse.

Rolf Einar og Martin er nøgde med 23. og 25. plass i NM!

Rolf Einar og Martin er nøgde med 23. og 25. plass i NM!

Siste dagen var det klart for stafett, og her fekk Tromsø skiklub ein overraskande og artig 8. plass i sterkt selskap. På laget var Snorri, Rune Strømholt og Morten Teksnes. Alle tre gjorde sitt beste løp i år, ekstra moro å få det til i NM! Me reknar med at klubben er stolt!

Stafettgutane frå Tromsø skiklubb. Fv: Rune, Morten og Snorri.

Stafettgutane frå Tromsø skiklubb. Fv: Rune, Morten og Snorri.

Smøreteamet i hardt arbeid under ledelse av smøresjef Dag Elvevold. Saman med Øystein Ånesen og Vegard Karlstrøm gav han løperane veldig gode ski under heile meisterskapen.

Smøreteamet i hardt arbeid under ledelse av smøresjef Dag Elvevold. Saman med Øystein Ånesen og Vegard Karlstrøm gav han løperane veldig gode ski under heile meisterskapen.

 

Lokalavisene Nordlys og iTromsø fulgte oss tett under NM.

Lokalavisene Nordlys og iTromsø fulgte oss tett under NM.

 

Hustrig selfie på sekunderingspost i 8 minusgrader

Hustrig selfie på sekunderingspost.

Intet NM utan stødig hovudleiar. Her er den beste i klassa: Per Åke Heimdal!

Intet NM utan stødig hovudleiar. Her er den beste i klassa: Per Åke Heimdal!

 

 

Skrevet av:

Jostein Vinjerui

Team: Team Veidekke Nord-Norge

Født: 03.03.80

Frå Rauland, Vinje i Telemark, men med to besteforeldre frå Nordland.
Utdanna politi og jobba som det i Tromsø i 4 år før eg byrja å trene TVNN i 2012.