10 renn på 17 dagar – whats next?

Publisert 27.02.2014 | Ukategorisert

Startar med eit historisk bilete med tre Veidekke løparar frå tre ulike regionlag er på pallen samtidig. Moro det! Årets fyrste pallplassering for vår del, så me må berre jobbe på for å henge med trønderar og innlendingar.

Klassisk 15km på Vind. Snorri (2), Mathias (1), Emil (3)

Klassisk 15km på Vind. Snorri (2), Mathias (1), Emil (3)

Me har vore gjennom ein tøff rennperiode dei siste vekene, og som overskrifta seier har det vore 10 renn på 17 dagar. I tillegg til mykje reising gjev det slitasje på utøvarane, og pr no har me to sjuke. Rolf Einar og Maria.

Men dei 10 renna har gitt nokre fine oppturar.Til dømes har Snorri heva nivået sitt etter NM og har kjempa om fleire pallplasseringar i NC og SC i tillegg til den eine han fekk på Gjøvik. Andreas kom til sprintfinalen i SC i Meråker, og er den fyrste tromsløparen på minst 10 år som har vore på eit slikt nivå i klassisk sprint.

Ser ellers at det er mange som har tjuvstarta barmarksesongen pga snomangel. Det problemet har ikkje me! Her er det framleis nydelege skiforhold.

Så, whats next? Neste veke er det WC i Drammen og Holmenkollen. Med max uttelling har me 3 utøvarar som vert tatt ut på nasjonal kvote av NSF. Maria og Andreas til sprint klassisk i Drammen og Snorri på 50 km klassisk i Holmenkollen. Me ventar i spenning på uttaket fredag!

Baglife Baltikum

Baglife Baltikum

Pallkamp på 20 km klassisk i Estland

Pallkamp på 20 km klassisk i Estland

 

 

Skrevet av:

Jostein Vinjerui

Team: Team Veidekke Nord-Norge

Født: 03.03.80

Frå Rauland, Vinje i Telemark, men med to besteforeldre frå Nordland.
Utdanna politi og jobba som det i Tromsø i 4 år før eg byrja å trene TVNN i 2012.