TY Team NTNU

Publisert 24.02.2014 | Renn

Ei veke i Baltikum med fire konkurransar i Latvia og Estland er avslutta, og me vil nytte høvet til å takke Team NTNU for samarbeid og hjelp. Me har jobba godt i lag med testing, smøring og ellers der det trengtes.

Kabelvågs store son Tord Hegdahl, på det nederste biletet, er smøresjef på teamet, og har gjort ein kjempejobb for oss med skia, og manager Lars Litleré på biletet over har vore med på blant anna sekundering, organisering og testing med meg.

20140224-195242.jpgI tillegg er dei så snille at me får lagra utstyret vårt (7kolli) i den eminente bilen deira fram til neste gong me treng det.

Skrevet av:

Jostein Vinjerui

Team: Team Veidekke Nord-Norge

Født: 03.03.80

Frå Rauland, Vinje i Telemark, men med to besteforeldre frå Nordland.
Utdanna politi og jobba som det i Tromsø i 4 år før eg byrja å trene TVNN i 2012.