Siste innspurt av sesongen 2013/14

Publisert 21.03.2014 | RennSamlingTrening

Sesongen går mot slutten, men me har tre helger igjen med skirenn som er viktige for oss. No i helga er det KM i Tromsø, neste helg NM del 2 med 30/50 km og til slutt avsluttar me med Nord-Norges viktigaste renn, den sagnomsuste Nordnorsken, Nord-Norsk meisterskap. Det er der det egentlig vert avgjort kven som er best 🙂

Etter dette er vert det turrenn. Rolf Einar går Hattrennet mens dei tromsøbasera utøvarane går Kvaløya skimaraton.

Me har eit ynskje å bite godt frå oss heilt til sesongen er over. Derfor har me som mål å ta KM-gull, få sesongens beste NM-resultat på NM del 2 og fire gull + fleire medaljer i NNM.

For å få eit lite løft mot slutten av vinteren har me hatt ei open minisamling i Tromsø. Her har me invitera med utøvarar som ikkje er med på laget ellers til intervall og langkøyring. I dag var me til dømes totalt 9 stykk som gjekk langtur i løypene på Tromsøya. Er du interessera finn du data for økta hos Garmin. Som de sikkert forstår på gjennomsnittspulsen, så er den min og ikkje ein topptrent skiløpar sin…

Til slutt vil eg rette ein takk til Tromsø kommune ved Henrik Romsaas og løypekøyrarane som var veldig positive til å legge til rette for oss. Dei køyrde til og med opp fjelløypa frå Snarby-Tromsdalen då me hadde tenkt å gå der i dag, men me holdt oss i låglandet pga ei værmelding som tilsa liten kuling på fjellet. Den turen tar me seinar, og vil dokumentere den med Go Pro. Då får de sjå film frå ein nydelig tur!

Under fylgjer nokre bilete frå i dag.

Dagens smøring

Dagens smøring

Andreas og Rolf Einar

bilde 4

Maria omkransa av gjesteløparane (f.v) Rune Strømholt, Håkon MIkalsen og Silje Theodorsen

 

20140321-184211.jpg

20140321-184224.jpg

Skrevet av:

Jostein Vinjerui

Team: Team Veidekke Nord-Norge

Født: 03.03.80

Frå Rauland, Vinje i Telemark, men med to besteforeldre frå Nordland.
Utdanna politi og jobba som det i Tromsø i 4 år før eg byrja å trene TVNN i 2012.