Oppsumering 2013/14

Publisert 22.04.2014 | Ukategorisert

Sesongen 2013/14 er avslutta, og det er også det meste av evalueringa. Planlegginga av sesongen 2014/15 har allereie foregått ei tid, og uttak av neste sesongs lag er rett rundt hjørnet. Ei oppsummering av året for dykk som fylgjer oss er også på sin plass, så den kjem her.

 

 

 

 

 

Laget i år var:

Solveig Wiggen Andreassen
Maria Nysted Grønvoll
Snorri Einarsson
Rolf Einar Jensen
Andreas Nygaard
Bjørn Vidar Suhr

Smøreteam

Dag Elvevold
Øystein Ånesen
Tor Inge Hellander
Vegard Karlstrøm

Trenar

Jostein Hestmann Vinjerui
Eivind Arne Bjaaland (hjelpetrenar)

Teamet hadde i oppkøyringa til sesongen 10 samlingar med totalt 66 samlingsdøgn. Det er eit bra antall samlingar og døgn på det nivået me jobbar og er om lag det same som lag det er naturleg for oss å samanlikne oss med. Samlingane vart arrangera i Troms, Finnmark, Meråker, Tignes i Frankrike og Levi i Finland.

RolfJensen3_2

Hovudmålet vårt ila sesongen er NM. Me hadde seks plasseringar topp 30 fordela på Maria, Andreas, Rolf Einar og Snorri.  To av plasseringane var topp 15.

Dette er eit steg opp frå førre sesong då me hadde fire plasseringar topp 30 og to topp 15. Både Rolf Einar og Andreas prestera betre i NM i år enn i fjor.

Veidekkelagas viktigaste konkurransar utanom NM er Skandinavisk cup. Det har blitt arrangera 13 renndagar, og i 6 av desse har me hatt utøvarar topp 10. I tillegg har me 16 gonger vore topp 30. Med tanke på at me har hatt eit lite lag i vinter skal me sei oss nøgd med det. Når ein også tar med at korkje Andreas eller Rolf Einar hadde tatt poeng i SC tidligare i karriera, så ser ein at det har vore positiv utvikling. Me kunne svært gjerne ha tenkt oss ein pallplass eller to, men det vart det ikkje i år sjølv om me var svært nære eit par gonger. Men neste år skal me ha det!

I tillegg kan Andreas sin sjetteplass i Vasaloppet trekkas fram sjølv om det ikkje er eit renn me satsar på. Uansett ga resultatet oss mykje positiv merksemd, og det var ein stor prestasjon av han.

Under ser de ei oppstilling av resultata våre nasjonalt og internasjonalt.

Navn WC SC NM NC
Snorri Einarsson

7,8,15,19,23

21,23,26

2, 10

Andreas Nygaard

66

6,7,20,23

27

32

Maria Nysted Grønvoll

30,35,41

4,9,12,14,14

10

Rolf Einar Jensen

22,23,27,27

13,23

15,18

Solveig og Bjørn Vidar har dessverre vore henholdsvis skada og sjuk heile sesongen, så dei fekk ikkje sesongen dei og me håpa på.

d802e78e7abd11e3be10126dbc83a254_8

Takk til smøreteamet!

Det er også på sin plass å trekke fram smøreteamet vårt. Dei legg ned ein uvurderlig innsats på fritida si, og me er svært takksame for den jobben de gjer!

Me har ila dei to åra teamet har eksistera fått drilla eit bra team der kjernen har vore Dag og Øystein. I tillegg har Vegard og Tor Inge vore med to helger kvar denne sesongen. Kompetansen i støtteapparatet er høg, og eg vil påstå at me er gode på renn.

Smøreteamet

Takk til samarbeidspartnerane!

Til slutt ynskjer me å takke samarbeidspartnerane våres denne sesongen: Veidekke, Spar, Sparebank1 Nord-Norge, Bendit, Salice, Swix og Nordic Light.

Takk for i år, neste nyhet er kven som er med på teamet i sesongen 2014/15…

Skrevet av:

Jostein Vinjerui

Team: Team Veidekke Nord-Norge

Født: 03.03.80

Frå Rauland, Vinje i Telemark, men med to besteforeldre frå Nordland.
Utdanna politi og jobba som det i Tromsø i 4 år før eg byrja å trene TVNN i 2012.