Uttak Team Veidekke Nord-Norge 2014-15

Publisert 29.04.2014 | Ukategorisert

Team Veidekke Nord-Norge har tatt ut fylgjande lag for sesongen 2014-15:

Snorri Einarsson, Tromsø skiklubb –langrenn
Eivind Krane Heimdal, Bardu IL (Ny)
Rolf Einar Jensen, Bossmo og Yterren IL
Martin Mikkelsen, Medkila skilag (Ny)
Bjørn Vidar Suhr, Alta IF
Morten Harjo Pettersen, Vadsø skiklubb (Ny)
Håkon Mikalsen, Nordreisa IL (Ny)
Silje Theodorsen, Kvaløysletta skilag (Ny)

Trenar: Jostein  Hestmann Vinjerui

Som de ser er laget utvida frå 6 til 8 utøverar, og me får fem nye på laget.

Nærmare om laget:

Eivind Krane Heimdal er fyrsteårs senior. I fjor hadde ein god sesong som siste års junior, og tok blant anna gull i stafetten under junior-VM for Norge.

Martin Mikkelsen går inn i sin tredje sesong som senior. Han har dei siste to åra hatt ei fin utvikling, og vart i år nr 26 som best i NM på 30 km Duathlon.

Håkon Mikalsen har vore nesten to heile sesongar utan konkurransar, men viste på seinvinteren at han er på veg tilbake mot godt gamalt nivå. Som kjend var han ein del av rekruttlandslaget før han satte ein foreløpig karrierestopp i fjor vår.

Morten Harjo Pettersen har dei siste sesongane etablera seg i norgestoppen i langrenn,  Forrige sesong vart han tatt ut til WC i Holmenkollen der han vart nr 43. I tillegg hadde han fleire gode plasseringar i Skandinavisk cup.

Silje Theodorsen har gjennom nesten heile juniorkarrieren vore i norgestoppen, Denne sesongen vart ho nr 2 samanlagt i Norgescupen etter fleire sigrar på slutten av sesongen.

Snorri Einarsson har vore blant landets beste seniorar i fleire år med blant anna deltagelse i Tour de Ski to gonger, andreplass samanlagt i Skandinavisk  cup og sylv i NM. Det er hans tredje sesong på Team Veidekke Nord-Norge.

Rolf Einar Jensen har steg for steg nærma seg norgestoppen, og vart i år nr 13 på 50 km i NM i tillegg til fleire andre gode plasseringar i NM og Skandinavisk cup. Det er hans tredje sesong på Team Veidekke Nord-Norge.

Bjørn Vidar Suhr fekk forrige sesong øydelagd av sjukdom, men for to sesongar sidan tok han bronse i junior-VM. Når han vert frisk og kroppen responderar på trening att trur me han vil vere tilbake på gamalt nivå.

Samlingsplan:

20.-25.5 Setermoen
10.-15.6 Tromsø
1.-6.8 Stokmarknes
24.-29.8 Lillehammer
16.-21.9 Nordreisa
10.10-24.10 Tignes
11.-16.11 Levi
24.-27.11 Gålå
14.-18.1 Bardufosstun

 

 

Skrevet av:

Jostein Vinjerui

Team: Team Veidekke Nord-Norge

Født: 03.03.80

Frå Rauland, Vinje i Telemark, men med to besteforeldre frå Nordland.
Utdanna politi og jobba som det i Tromsø i 4 år før eg byrja å trene TVNN i 2012.