Setermoen 20.-25.5

Publisert 26.05.2014 | SamlingTreningUkategorisert

Sesongens fyrste samling vart arrangera på Setermoen i Bardu kommune. Me budde på Setermoen leir der me vart stelt godt med av Forsvaret. Gode bufasiliteter og veldig god mat. I tillegg er treningsfasilitetane heilt topp inne på leira med eit moderne idrettsbygg tilgjengelig der det er alt tenkelig treningsutstyr.
Her kan me trygt anbefale treningssamling, me kjem i alle fall tilbake!
Sjølv om det er seint i mai  gjennomføre skiøkter i løypetraseen til Bardu IL. Idrettslaget, Bardu kommune og Forsvaret sørga for gode løyper heile tida, og det set me stor pris på! Langturen sundag var skaretur på fjellet.
Med oss på samlinga hadde me enkelte seniorar frå Troms samt to eldre juniorar frå Nordland. Dei fleste samlingane våre er opne for andre satsande skiløperar i Nord-Norge.
På andreøkta laurdag fekk me selskap av ei gruppe ungdommar frå Midt-Troms skiteam. Trivelig og ivrig gjeng!
Neste samling er i Tromsø 10.-15.6.
Programmet som vart gjennomført:

Tysdag

2) Løping og stabstyrke

Onsdag

1) Kl 0830 Ski skate    2-3 timer

3×10 min utan stavar

15 min løp etter ski

2) Kl 1530 Løping + imitasjon

Torsdag

1) Kl 0845  Intervall ski klassisk. 5×7 min

2) Kl 1600 Restitusjon løp/sykkel

Fredag

1) Kl 0830 Ski skate + rulleski pigging. Totalt 4,5-5 timar

Laurdag

1) Kl 0845  Intervall ski klassisk 6×6 min

2) Kl 1600 Restitusjon løp/sykkel + imitasjon

Sundag

1) Kl 0800 Ski skate 3 timar.     

Intervall i løypene til Bardu IL

Intervall i løypene til Bardu IL

Skaretur sundag

Skaretur sundag

 

Skrevet av:

Jostein Vinjerui

Team: Team Veidekke Nord-Norge

Født: 03.03.80

Frå Rauland, Vinje i Telemark, men med to besteforeldre frå Nordland.
Utdanna politi og jobba som det i Tromsø i 4 år før eg byrja å trene TVNN i 2012.