Heim til mor

Publisert 16.06.2014 | Trening

Det er nå ei veke sidan eg kom heim frå Sognefjellet, og etter eit hyggeleg og spennande kick-off på First Hotel i Oslo forrige måndag, vendte eg endeleg snuten heim til mor og far i Høydalsmo. Etter mykje sjukdom og lite trening i april/mai er eg endeleg tilbake i vanleg rutine, og eg har hatt ein god formstigning etter Sognefjellet. Det fine med å koma heim er å få trene i det terrenget og dei kulissene eg gjorde når eg var yngre (middag kvar dag er ikkje så ille det heller). For meg er det bare rett i underkant av 1 år sidan eg flytta heimanfrå, så eg finn fortsatt fram. Eg har personlege rekordar stort sett på alt mogleg rundt i lokalområdet, og dei er til for å bli slått. Derfor kjørte eg søndag formiddag det testløpet eg synes er tyngst av dei alle, nemleg Eidsborgberg-testen. Den består av 5,5 km og 470 høgdemeter på rulleski-skøyting. Eg grua meg før start, og det er sjeldan eg har vore så sliten etter målgang. Likevel blei det ny rekord, og det med heile 55 sekund. Rekorden er nå på 25.25, og den kan alle få lov til å prøve seg på! Nå fortsetter ferien med sommarjobb og mykje trening. Dessutan skal eg vere trenar på Skisport Sommerskiskole frå 20. – 25. Juni. Det gledar eg meg veldig til.