Vil du løpe med oss torsdag 12.6 kl 1630?

Publisert 11.06.2014 | InformasjonSamlingTips og triksTrening

Oppe frå venstre: Morten Harjo Pettersen, Eivind Krane Heimdal, Silje Theodorsen og Martin Mikkelsen

Når me har samling rundt i Nord-Norge ynskjer me å ha med oss andre utøvere på øktene våres. Og kven vil vel ikkje trene med blant anna den muntre gjengen de ser over her?

Denne veka har me samling i Tromsø, og så langt har ca 10 andre seniorar vore med oss på økter. Det synes me er moro!

Me ynskjer også å knytte oss tettare til lokale klubbar. Derfor har me invitera Tromsø skiteam med på løpetur i morgo kl 1630 frå Tromsø skistadion. Tromsø skiteam er eit samarbeid mellom langrenns- og skiskyttarklubbane her i byen. Målgruppa her er 14-20 år.

Er det mosjonistar og andre skientusiaster som vil vere med på løpeturen er det berre å hive seg med!

Skrevet av:

Jostein Vinjerui

Team: Team Veidekke Nord-Norge

Født: 03.03.80

Frå Rauland, Vinje i Telemark, men med to besteforeldre frå Nordland.
Utdanna politi og jobba som det i Tromsø i 4 år før eg byrja å trene TVNN i 2012.