Samling Stokmarknes 1.-6.8

Publisert 07.08.2014 | Ukategorisert

Me har dei siste dagane hatt samling på Stokmarknes. Her var det samtidig storsamling for Nordland skikrets for aldersgruppa 12 år og oppover. På det meste var det 100 ivrige langrennsløparar samla til stor inspirasjon for både store og små.

TVNN fekk trena godt under fine forhold. Deltagelse i rulleskirenn, fint løpsterreng og god rulleskiløype trekkas fram. I tillegg er det moro at ca 15 andre seniorar og juniorar var med oss på dei aller fleste øktene. De er med på å gjere oss betre!

Me budde bra, og Stokmarknes IL ved spesielt Bård Sørensen og Marte Glad Remen har vore til god hjelp.

Vil også takke dei spreke guidane me hadde på løpeturen, Bård Bakkehaug og Brigt Rødli.

Til veka skal fleire av oss til Toppidrettsveka i Aure, og me gledar oss til å igjen måle krefter på øverste nivå!

 

Skrevet av:

Jostein Vinjerui

Team: Team Veidekke Nord-Norge

Født: 03.03.80

Frå Rauland, Vinje i Telemark, men med to besteforeldre frå Nordland.
Utdanna politi og jobba som det i Tromsø i 4 år før eg byrja å trene TVNN i 2012.