Toppidrettsveka 2014

Publisert 21.08.2014 | RennSamlingTreningUkategorisert

 

Team Veidekke Nord-Norge deltok for fyrste gong på Toppidrettsveka. Det var ei positiv erfaring me lærte mykje av og kjem til å ha nytte av til vinteren. I løpet av veka fekk me trena på moment me ikkje møter på økter til daglig.

Det er noko anna å gå fellesstart mot landets beste skiløpere i konkurranselikt terreng enn å gå intervall i Finnvikdalen. Me får også trena på moment som me møter i dei viktigaste konkurransane til vinteren. Direktesendte TV-renn, masse publikum og tette duellar.

Troppen som drog var Morten Harjo Pettersen, Martin Mikkelsen, Rolf Einar Jensen, Eivind Krane Heimdal og Silje Theodorsen. For det meste av tida budde me på Statoils anlegg på Tjeldbergodden. Meget bra der med god mat og eget rom til alle.

Me fekk gjort opp status på kor me ligg i forhold til norgestoppen, og utifrå resultata meiner eg at me er nærmare teten no enn tidligare år, men me har fortsatt eit lite steg opp.

Av resultata me oppnådde kan spesielt 6. plassen til Morten Harjo Pettersen på motbakkeløpet Fonna opp der han satte fleire etablera landslagsløpere på plass. Rolf Einar Jensen og Martin Mikkelsen vart her nr 12 og 14, og med det slo begge den russiske VM- og OL-medaljøren Ilja Chernousov.

Toppidrettsveka vart innleia i Kristiansund. Der var det 10 og 15 km fellesstart skate. Spesielt herreløpet var svært hektisk med ca 60 haustyre hingstar som ynskja å vise seg fram i trange bygater. Det låg knekte stavar over store delar av løypa, og den som greide å holde seg unna uhell profitera stort på det. Me hadde løpere som både slapp stavbrekk, og dei som fekk det, men var godt nøgde med plasseringane 16, 21, 27 og 32 for gutane som dermed viste at dei kunne henge med teten. Silje Theodorsen vart nr 18.

Neste dag var det allereie omtala motbakkeløpet kl 1000, men rett etter målgang var det berre å komme seg ned frå fjellet og til lunsj før me køyrde til Aure og sprintprolog kl 1330. Ikkje mykje restitusjonstid å snakke om!

Eivind Krane Heimdal gjekk vidare som sistemann i prologen mens Martin Mikkelsen tok den sure 31. plassen kun nokre hundredel frå å gå vidare. Silje T tok seg vidare i dameklassa.

I kvartfinalen møtte Eivind verdsklasseløpere som Øystein Pettersen, Eldar Rønning og den sveitsiske landslagsløperen Jöri Kindschi, så her ville det bli tøft. Me la ein plan om at han skulle komme seg fram i feltet tidlig, og allereie etter 100 meter hadde han teten i heatet!

Frå tet satte han stor fart og leda til oppløpssida gjensto, men der han glei bakover og blei nr 5. Eivind gjekk fire sekund fortare her enn i prologen, og farta var så stor at nr 3 i heatet gjekk til semi som lucky looser og nr 4 fekk same tid på hundredelet som lucky looser nr 2, men blei slått ut på tusendelar… Uansett mykje god læring i å gå dette heatet!

Silje blei slått ut i kvartfinalen, og endte til slutt som nr 27.

Fredag var det fellesstart med skibytte i det nydelig rulleskianlegget på Knyken i Orkanger. Når skal tilsvarande byggas i Tromsø eller i andre byar i Nord-Norge? Pr i dag er det berre Skillevollen i Mo i Rana som kan tilby tilsvarande.

Gutane var bestemte på å prøve å få til ei topp 10-plassering. Dei hadde allereie synt at dei kunne henge med dei beste til mål, no ville me få til meir enn berre å henge inn. Dei gjekk offensivt til verks og Martin og Eivind var heilt framme i teten før skibytte. Men med to stavbrekk på Eivind i starten av skatedelen, og då Martin tapa tid ved å gå forbi båsen sin og måtte snu, vart det vanskelig for dei å kjempe seg opp att. Morten hadde ein god dag og vart nr 13 2,2 sekund frå 10. plass. Så me nådde nesten målet denne dagen 🙂

Silje blei nr 19 etter eit jamnt løp.

Den siste dagen var det 15 km jaktstart i Trondheim sentrum, og det vart ein vanvittig folkefest med titusenvis av tilskoderar langs løypa og på Trondheim torg. Ikkje tvil om kva som er Norges langrennshovudstad, så det er vel berre å byrje planlegginga mot VM her i 2021…

Morten hadde det beste utgangspunktet før jaktstarten med berre nokre fåsekund fram til 8.-10. plass. I likhet med mange andre opna han hardt og kom opp på halen av ei stor gruppe som til slutt kjempa om plasseringane 5-15 i mål. Men opninga svei meir enn me håpa, og han måtte sleppe. I mål kom gutane nesten samla. Rolf Einar vart best som nr 21, Morten 24 og Martin 26.

Eivind køyrde ut av løypa og inn i eit trafikkskilt (!) på fyrsterunden og havna på legevakta. Men han var heldigvis uskadd og er no tilbake i full trening. Silje avslutta bra og vart nr 17.

På laurdagskvelden åt me ein trivelig middag med Veidekketilsette, og me håpar å sjå dei att på renn til vinteren. NM på Røros kan jo vere ei passande anledning?

Alt i alt er me nøgde med toppidrettsveka. Me har fått verdifull erfaring som vil utvikle oss vidare, og me har fått energipåfyll og ekstra motivasjon til å jobbe steinhardt i haust for å forbetre oss slik at me er enda høgare på resultatlistene til vinteren.

Alle resultat her

Skrevet av:

Jostein Vinjerui

Team: Team Veidekke Nord-Norge

Født: 03.03.80

Frå Rauland, Vinje i Telemark, men med to besteforeldre frå Nordland.
Utdanna politi og jobba som det i Tromsø i 4 år før eg byrja å trene TVNN i 2012.