Nordreisasamlinga 2014

Publisert 23.09.2014 | Ukategorisert

Den tradisjonelle samlinga i Nordreisa er over for denne gong. Samlinga er ein årelang tradisjon i Troms skikrets. På samlinga møtes skiløpere frå 15 år og oppover, og dette er ein fin måte å binde kretsen saman på. Også for seniorane frå Troms er denne samlinga eit høgdepunkt.

For Team Veidekke Nord-Norge sin del har samlinga mange positive aspekt. Me får trena med mange hardtsatsande juniorar og seniorar, samlinga er godt organisert av Nordreisa IL og Nord-Norsk skilinje, treningsterrenget er bra og me knyt tettare band til yngre utøvarar og kretsen forøvrig. Forhåpentligvis ser dei yngste at det er mogleg å bli god skiløpar i Nord-Norge, og at det kan vere eit fint mål å bli så god på ski at ein kan kvalifisere seg for regionlaget.

God mix av senior, junior, Team Veidekke Nord-Norge og andre seniorløpere.

God mix av senior, junior, Team Veidekke Nord-Norge og andre seniorløpere på stakeøkt torsdag.

Samlingsprogrammet

Tysdag
1. 6x1o min intervall skate i3 p=2 min
2. Restitusjon løp

Onsdag
1. Rulleski klassisk (3erhjul) 3 timer i1
2. Rulleski skate 1,5-2timar med 2×10 min utan stavar. i1

Torsdag
1. 6×5 min intervall i4/5 p=3min
2. Rulleski klassisk i1 1,5 time

Fredag
1. Rulleski skate 3 timar i1
2. Løp + styrke 1,5 time. i1

Laurdag
1. Testløp, Andrevarden opp
2. Restitusjon klassisk 1,5 time i1 med hurtighet

Sundag
3-3,5 time løp i1

Som de ser er det eit tradisjonelt opplegg dei fleste kjenner seg att i. Nokre vil sikkert sakne testløpet opp Reisafjellet på rulleski, men det lot seg ikkje gjennomføre pga bygging av tunnel gjennom fjellet.

Andrevarden opp vart god erstatting som testløp. Resultata finn de her.

Samlinga kunne ikkje vore gjennomført utan Nordreisa IL sin fantastiske dugnadsinnsats og Norlandia Storslett hotells velvillighet.

I tillegg fekk me levera masse godt frå Bama og YT, brød frå Tromsø bakeri og mat frå Spar. Me er takksame!

Mektig natur i nord!

Mektig natur i nord!

Intervall opp Gaperhus. Finn Hågen Krogh var med på økta. Alltid positivt å kunne måle krefter med landslagsløpere.

Intervall opp Gaperhus. Over 100 stk på start! Finn Hågen Krogh var med på økta, og leda an i tet på alle draga. Alltid positivt å kunne måle krefter med landslagsløparar!

Har du seng, mat og wifi er livet verdt å leve på samling...

Har du seng, mat og wifi er livet verdt å leve på samling…

Målgangen på testløpet. Her er våre løpere Silje, Morten og Martin i lag med Markus, Morten, Rune og EIrik frå Team Sparebank1 Nord-Norge.

Målgangen på testløpet. Her er våre løpere Silje, Morten og Martin i lag med Markus, Morten, Rune og EIrik frå Team Sparebank1 Nord-Norge.

Utsjekk frå Norlandia Storslett hotell som alltid stiller opp på denne samlinga med gode vilkår for skisporten i Troms.

Utsjekk frå Norlandia Storslett hotell som alltid stiller opp på denne samlinga med gode vilkår for skisporten i Troms.

Skrevet av:

Jostein Vinjerui

Team: Team Veidekke Nord-Norge

Født: 03.03.80

Frå Rauland, Vinje i Telemark, men med to besteforeldre frå Nordland.
Utdanna politi og jobba som det i Tromsø i 4 år før eg byrja å trene TVNN i 2012.