Opne fellestreningar haust 2014

Publisert 03.09.2014 | SamlingTrening

September er her, og det byrjar å nærme seg vinter, men framleis er det ein solid treningsjobb som skal gjerast før sesongstart.

Me ynskjer å gjere denne jobben i lag med andre hardtsatsande skiløpere, og arrangerer derfor  opne fellestreningar i Tromsø utover hausten og vinteren. Håpar mange vil bli med på desse øktene, saman vil me gjere kvarandre betre! Ynskjer også at andre trenarar kjem på øktene.

Her er oversikten tom starten av november:

8.9 kl 1630: Rulleski klassisk 2 timar frå Sats Langnes m/hurtighet. Gutta: 3erhjul

30.9 kl 1630: Rulleski klassisk 2 timar frå Sats Langnes. Gutta: 3erhjul

1.10 Testløp Tromsdalen, fyrste start kl 0930 frå skistadion.

2.10 kl 0930 Rulleski skate. Oppmøtestad Stamina (TVNN har omitasjon der 09-0930)

11.10 kl Intervall Tromsdalen. Løp/elghufs med staver 5x7min. Felles oppvarming kl 9.

12.10 kl 0830: Langtur løp. 3-3,5 time. Oppmøte Gravlunden før Finnvikdalen

Det vil også bli fellestreningar 3, 4 og 5.11, men innhaldet her kjem eg tilbake til når me ser korleis treningsforholda er!

Håpar å sjå mange av dykk allereie måndag.

Dei vekene det ikkje er fellestrening er me på samling eller har anna program. Men det går an å avtale økter for det 😉 Anbefaler dei som ikkje allereie er der om å melde seg inn i gruppa TMB på Facebook. Der avtales det mange solide økter.

Minner ellers om at samlinga vår 11.-16.11 på Setermoen kjem til å vere open for andre seniorar. Pris ca 1200 kr pr pers, overnatting og fire måltid inkludert.

Ta kontakt med meg på tlf 957 24 588 eller mail vinjerui@gmail.com om det er spørsmål.

Skrevet av:

Jostein Vinjerui

Team: Team Veidekke Nord-Norge

Født: 03.03.80

Frå Rauland, Vinje i Telemark, men med to besteforeldre frå Nordland.
Utdanna politi og jobba som det i Tromsø i 4 år før eg byrja å trene TVNN i 2012.