Samling på Beitostølen

Publisert 06.11.2014 | Ukategorisert

Heihei.

Etter ein kort time på puta, er eg nå tilbake frå draumeverdenen. I harde treningsperiodar er det viktig med nok søvn, og det er godt å ta nokon timar heilt roleg på dagen. Me er nå inne i den 4. dagen av samlinga på Beitostølen. Brorparten av gjengen kom allereie på sundag. Fokuset er å gå mykje på ski, og med dei gode forholda som Erik Østli og resten av gjengen her på Beitostølen leverer, er ikkje det noko problem. Til nå har samlinga på Beitostølen bestått av 2 hardøkter i klassisk, samt mykje mengde. Formen på gjengen ser ut til å vere fin, og alle gledar seg stort til åpninga om drøye to veker.

Det er lett å sjå at åpningshelga byrjar å nærme seg. Det er noko som skjer i hovudet til ein skiløpar når kalenderen bikkar over til november. Tenningsnivået, viljen og innsatsen stig i takt med at åpninga nærmar seg. Samtidig kjem også nærvene krypande.

Neste hardøkt på samlinga blir på laurdag. Då skal me ha testløp i skøyting. Starten på testløpet går 08.30, og det er bare å slenge seg med om du er i området. Fram til det er det langkjøring, litt hurtleik og mykje fokus på teknikk. Heim skal me ikkje før søndag.

Dette blir spennande, og me er alle klare for å ta i eit tak.

PS: Det har vore tydeleg på nokre økter, spesielt på roleg lankjøring med innlagt hurtighet at tenningsnivået har vore vel høgt. Det er ikkje å legge under ein stokk at underteikna og unge Mysen har eit stort behov for å bevise kven som er raskast i ein spurt. Eg meiner sjølvsagt at eg er raskast, han meiner det samme om seg. Heilt objektivt er det ikkje. Me får bare håpe at me møtas i ein spurt i løpet av sesongen. Det er fyrst då me får svaret på det.

Eivind