Tilbakeblikk på samling Mallorca 18.-28.10

Publisert 06.11.2014 | ProduktomtalerSamlingTips og triksTrening

 

Mens mange av løparane på Team Veidekke Nord-Norge allereie har hatt vinterens fyrste skiøkter i Tromsø, er det på sin plass med ei oppsummering frå sesongens siste barmarksamling som vart avvikla i Palma på Mallorca siste halvdel av oktober.

Med på samlinga var Martin Mikkelsen, Rolf Einar Jensen, Morten Harjo Pettersen, Eivind Krane Heimdal, Silje Theodorsen, Anna Svendsen (hospitant), Eivind Arne Bjaaland (hjelpetrenar) og underteikna. Eirik Mysen frå Team Veidekke Oslofjord var med oss på mange økter, og i tillegg var Team NTNU der med sine løparar og x-trenar Lars Litlere som hjalp til på denne samlinga. Dei hadde også med seg nokre hospitantar og var i lag med oss på nesten alle øktene. Det gav oss verdifull matching i innspurten av barmarksesongen.

John Max Ertner var tilgjengelig som kjentmann gjennom lexberg.no. Han anbefaler eg varmt å nytte seg av. Meget erfaren langrennstrenar og veldig godt kjent på øya.

Me bestilte turen vår gjennom lexberg.no, og her fekk me god service. Syklar til trenarane vart stilt til disposisjon og hotellet og maten holdt god kvalitet. Prisen er heller ikkje å forakte, ca 500 kr pr pers i dobbeltrom med frokost, lunsj og middag.

Etterkvart har det blitt vanlig å legge treningssamling til Mallorca for mange skiløpere, men det er sikkert nokon som lurar på kvifor me vel å dra dit. Hovudårsaken til at me legg ei samling utanfor Noreg i slutten av oktober er at det er ein veldig viktig treningsperiode, men at det kan vere utfordringar knytta til det å få gjennomført treninga på grunn av vær og føre. Og det er ein dårlig kombinasjon! Når samlingsplanen leggas er det vanskelig å spå været i oktober ☺

Ved å til dømes legge ei samling til Mallorca veit me at det vil vere gode barmarksforhold der. Me kunne trene omtrent som under ideelle barmarksforhold heime, men det blei ein større overvekt av rulleski enn normalt. Dette på grunn av at ein må køyre ca 30 minutt for å komme til løpsterreng utanom strand og asfalt, samt at rulleskiforholda er veldig gode.

Det positive ved å bu i Palma er som nevnt nærleiken til gode rulleskiforhold. I tillegg var buforholda gode og når ein er på samling i 10 dagar er det positivt å vere ein plass der ein har andre aktiviteter lett tilgjengelig på fritida. Stranda og bassengkanten vart sjølvsagt hyppig besøkt, men det var óg fleire som kosa seg med kaféturar , shopping og gocart. Ein skal heller ikkje legge skjul på at det er godt energipåfyll å kunne trene alle økter i shorts i god sommertempratur.

Ved ei seinare samling på Mallorca vil me sjå om det går an å bu nærare løpsterreng utan å miste fordelane me hadde i Palma. Men noko stort problem var det ikkje. Ved god planlegging av treninga si kan ein legge inn ein bolk med meir løping enn normalt i for- og etterkant av samlinga slik at variasjonen av bevegelsesform totalt i løpet av månaden vert normal.

På slutten av samlinga evaluera løparane og støtteapparatet den, og konklusjonen var klar: Dit vil me tilbake!

Planen vår framover er å samle laget 12.-16.11 i Levi, Finland. Her vil også dei fleste delta i eitt eller fleire renn under den finske opninga i Muonio. Mange av løperane er allereie på plass i Nord-Finland, og det rapporteras om gode løyper der.

So long!

Jossi 🙂

PS.

Legg ved treningsplanen om nokon synes det er artig å sjå 😉

Laurdag
Ankomst Løpings  30 min

Sundag
09:00 Rulleski klassisk med skiltspurter. Gutta: 3-erhjul 2,5-3 t
16:30 Løp+styrke 1 time

Måndag
09:00 Intervall rulleski skate 6×6 min P=3min 2-erhjul 2 timer Puig Major
16:30 Rest løp/sykkel 1 time

Tysdag
09:00 Rulleski klassisk. Gutta: 3-erhjul 2-2,5 t
16:30 Rulleski skate 1,5 t

Onsdag
09:00 Sprint rulleski klassisk. Gutta 3-erhjul Prolog + 3 heat 2-2,5 time
16:30 Valgfri restitusjon

Torsdag
09:00 Løp 2 timer
16:30 Styrke 1 time

Fredag
08:30 Rulleski skate m/hurt 6×80 m 2,5-3 timer
16:30 Rulleski klassisk 1,5 time

Laurdag
09:00 Intervall Elghufs/løp med staver 6×4 min 2 timer
16:30 Restit 1 time

Sundag
09:00 Rulleski klassisk 2,5 time
16:30 Løping 1,5 time

Måndag
09:00 Rulleski skate + klassisk 1 5 time

Tysdag Heimreise
Totalt 31-33,5 t

 

10731597_355066231329502_1084385258_n

Flotte forhold for rulleski!

Intervall opp Cura, 6x4 min

Intervall opp Cura, 6×4 min

Skrevet av:

Jostein Vinjerui

Team: Team Veidekke Nord-Norge

Født: 03.03.80

Frå Rauland, Vinje i Telemark, men med to besteforeldre frå Nordland.
Utdanna politi og jobba som det i Tromsø i 4 år før eg byrja å trene TVNN i 2012.