Leite etter lykka

Publisert 14.01.2015 | Ukategorisert

Heihei.

Enda ei rennhelg er over. Denne halga var det Skandinavisk Cup i Falun, og alle på teamet var på plass for å kjempe om topplasseringar. Distansene som blei gått var 10/15 km skøyting, sprint klassisk, og 15/30 km Duathlon.

For teamet blei dette ei flott helg. Med gode resultat heile sesongen, og ein 7. og 11. plass i helgas renn, har Magne heilt fortent blitt tatt ut til U23-VM i Kazakhstan. Ein annan representasjonsoppgave har blitt gitt til godguten Palm, som har blitt tatt ut til å gå World Cup i Otepää kommande helg, truleg på grunn av særs sterke prologar denne sesongen. Det er stort å sjå at dei me reiser med på skirenn, og trenar med på samling, gjer det så bra. Me gler oss til å fylgje med.

For meg blei det enda ei helg på det jevne. Etter nokre rolege veker heime i Høydalsmo i juleferien, med trening i velkjente løyper, hadde eg håpa på ein formbetring. Den kom dessverre ikkje. Kroppen fungerar heilt OK, men eg manglar det overskotet som trengs for å gå verkeleg fort. Overskrifta på dette innlegget er ein god beskrivelse på min kvardag i desse dagar. Normal menneskjer finn lykka ved å finne ein person å dele livet med. For ein skiløpar i sesong kjem derimot lykka saman med god form, og den gode følelsen. Det er den eg leitar etter. Den har enda ikkje kome, men eg håpar lykka kjem til meg innan NM på Røros i slutten av månaden. Då har eg STORE forhåpningar.

For dei team-løparane som enda ikkje er nevnt, blei ikkje helga det heilt store. Litt under pari av gjengen, men me trur på betringa. Karianne blei sjuk, og måtte kaste inn handkledet i løpet av helga. Ho hadde store forhåpningar. Øyvind som har strevd med litt sjukdom i jula, var tilbake på søndagens renn, og leverte et fint løp. Eirik, Pia og Emilie var heller ikkje på sitt aller beste.

Nå blir det leiting etter lykka, lokale skirenn, og stort sett kos fram til NM.

Sjåast der!