I skyggen av VM – SC Baltikum

Publisert 18.02.2015 | Renn

Aaaaaaaltfor lenge sidan me har oppdatera sida vår, men årsaksforklaringar kjem me ikkje inn på her.

I morgo startar ski-VM, men også reisa vår til året siste Skandinavisk cup som går i Baltikum. Topp 3 samanlagt er sikra friplass i WC resten av sesongen.

Frå oss drar Martin, Rolf Einar, Håkon, Morten og Silje. Dei tre fyrstnemnde drar heim etter dei to fyrste renna.

I tillegg er Anna Svendsen og Eirik Solvang med på vårt opplegg.

Etter eit godt NM ser me fram mot å kjempe om topplasseringar i Latvia og Estland. Facebooken vår oppdateras hyppig, så fylgj med!

Samanlagtlister SC: http://www.skiforbundet.no/Documents/Gren/Langrenn/Poenglister/Skandinavisk%20Cup/2014-2015/Scandinavian%20Cup%20Cross%20Country%202014-2015%20Standings.pdf

Rennprogram:

21. feb 10/15 km klassisk, Madona, Latvia

22. feb 20/30 km skate, Madona, Latvia

24. feb Sprint klassisk, Joulumae, Estland

25. feb Sprint skate, Joulumae, Estland

Skrevet av:

Jostein Vinjerui

Team: Team Veidekke Nord-Norge

Født: 03.03.80

Frå Rauland, Vinje i Telemark, men med to besteforeldre frå Nordland.
Utdanna politi og jobba som det i Tromsø i 4 år før eg byrja å trene TVNN i 2012.