Mitt siste innlegg

Publisert 02.05.2015 | Ukategorisert

Mai månad er her, og det markerar starten på ein ny skisesong for dei aller fleste skiløparane. I år markerar mai også slutten på mi tid i Team Veidekke Oslofjord. Som dei aller fleste nok har fått med seg, fekk eg ikkje fornya tillit i laget før den kommande sesongen. Det nye laget held eit svært høgt nivå, men likevel hadde eg trudd og håpa at eg skulle få eit nytt år, og ein ny sjanse. Slik blei det ikkje. Baserar ein seg kun på resultat, eit såkalla ”Amerikansk uttak”, vil årets uttak vere det rette. Eg meiner likevel at eg burde ha vore på laget, men i ein slik situasjon kan ein ikkje gjera stort meir enn å nikke forståande og godta beslutninga. Det har eg gjort.

Utfallet av sesongen me nå er ferdig med blei altså ikkje som eg hadde håpa og forventa. Ein kropp som ikkje spilte på lag gjorde at den siste halvdelen av sesongen blei for dårleg.  Det får eg dessverre ikkje gjort noko med nå. Mitt fokus framover vil vere å bli heilt frisk, for så å trå til med det lange treningsarbeidet fram mot den nye sesongen. Kan ikkje legge skjul på at den beslutninga som blei tatt gav meg mykje motivasjon til å slå tilbake, og vise alle at eg burde ha vore på laget. Så får me sjå om eg har klart å vise det på denne tida til neste år. Eg håpar i den samanheng at uttaket blir gjort på den same måten då, slik at dette blir heilt rettferdig.

Avslutningsvis vil eg takke trenar Lars Christian, smørerane Willy og Trond Wiggo, alle løparane, og alle samarbeidspartnarane i TVO for eit fantastisk fint år, og ynskje dei alle lykke til med forberedelsane mot den komande skisesongen. Året som har vore har gitt meg inspirasjon, kunnskap, vilje, og ikkje minst nye bekjentskap. Alt dette skal eg benytte for å nå enda lengre i langrennssporet. Helst heilt dit eg ynskjer å vere.

Dette blir mitt siste innlegg på denne sida…….for denne gong.