Samling på Geilo

Publisert 29.08.2015 | Ukategorisert

I skrivande stund ligg vi alle med beina høgt etter ei tøff og veldig god samling på Geilo. Dette var den årlige fellessamlinga for alle veidekkelaga, samt rekruttlandslaget. Når team veidekke Vest, Oslofjord, Trøndelag, Innlandet og Nord-Norge og rekrutteringslandslaget trappa opp med sine løparar og trenarar vart vi mildt sagt mannsterke. Til tross for litt fråfall hos dei forskjellige laga, talte vi til slutt godt over 40 løparar, saman med ein haug ivrige trenarar. Mange store talent frå verdas beste skinasjon var no samla på ein av Noregs fremste skidestinasjonar for å trene saman, pushe kvarandre og utveksle erfaringar. Ja, rett og slett ha det supert  saman. Med andre ord, alt låg til rette for ei rå samling!

Det var med eit snev av nostalgi når undertegnede møtte opp på Geilo. Denne vesle bygda øvst i Hallingdalen er ikkje heilt ukjend for meg. Dette er staden der eg tilbrakte tre av mine mest formative år som skiløpar. Eg tok vidaregåandeutdanninga mi ved NTG Geilo og har langt ned omlag 1600 treningstimar på og i området rundt Geilo. Ein kan godt sei at eg visste kva vi gjekk til. Dette gjorde til at eg fekk ansvar som kjentmann.

Samlinga starta søndag ettermiddag med at eg tok gjengen med på ein halvannan times løpetur rundt Ustefjorden.

Måndag starta verkeleg samlinga med ein knalltøff elghufsintervall opp Havsdalen og inn mot Presteholt. Vi hufsa seks drag på fem minutt og alle fekk tatt seg skikkeleg ut. Vest hadde mange mann i teten heile økta. Med oss på økta hadde vi Langrennslinja på NTG Geilo og samla var vi omlag 80 løparar til start. Betre felt på ein elghufsintervall lar seg vanskelig oppdrive. Ettermiddagsøkta denne dagen var en lett tur på rulleski, der slitne bein skulle pleiast og mjølkesyre skulle vekk.

Tysdag var sett av til mengdedag og den starta med ein lang løpetur. Turen gjekk frå Vestlia Resort der vi budde, inn Ustefjorden, opp til Hakkesetstølen, så vidare mot treervegen og ned att til hotellet – drøye 3 timar. Det var alt anna enn bra vær denne dagen, så vi fekk kjenne korleis regn og vind i 1000 meters høgde set sitt preg på ein langtur. Stikkord her er kaldt, kaldt. Ettermiddagsøkta var planlagt som alternativ oppvarming etterfølgt av styrke. Oppvarminga vart fotball, der laga var rekrutt og Oslofjord mot Vest, delar av Innlandet og Trøndelag. Her vann Vest med sine leigesoldatar frå Trøndelag og Innlandet ganske så enkelt over ein tafatt og uorganisert motstandar.

Onsdag sto vi opp til ein ny mengdedag. Første økta gjekk på rulleski, der vi også hadde innslag av snøggleik. Andre økta var ei lett økt der nokon valgde å springe medan andre valgde å gå på rulleski. På kvelden vart det organisert ei bowlingturnering mellom dei ulike laga. Her var det tydeleg at fotballaget var høgt oppe etter den overlegne sigeren på fotballbana. Innsatsen sto det ikkje noko på, men dugleiken heldt rett og slett ikkje mål. Resultatet sakkar vi difor ikkje om.

Torsdag vart det arrangert eit sprintrenn i rulleskiløypa. Det vart gått ein prolog, vidare tre heat. Alle vestlendingane fekk god matching og gjennomførte ei veldig god økt. På ettermiddagen venta det ei roleg rulleskiøkt i rulleskiløypa, med fokus på teknikk.

Fredag var samlinga sin siste dag og vi hadde ein lang løpetur på planen. Grunna litt vonde bein hos nokre av løparane, vart det i staden for ein lengre rulleskitur på 3 av oss. Uansett, i flott vær vart samlinga si siste økt avslutta.

Om vi, eit av 5 veidekkelag ser tilbake på samlinga så må vi kunne sei oss godt nøgde. Vi er eit heilt nytt lag med mange unge løparar. Det var med stor glede vi såg at våre rutinar og holdningar er gode. Vi hevdar oss ikkje berre sportsleg, men også som lag samanlikna med dei andre etablerte laga. Vi har ein sterk og god lagmoral, og ikkje minst eit godt samhald. Dette har vi løparar saman med Frank klart å skape på veldig kort tid og til tross for få samlingsdøgn saman. Det er ikkje lett å bygge eit heilt nytt lag, og det er noko vi har jobba mykje med. Difor er det kjekt at vi kan stå fram på ein god måte saman. Dette er noko vi er veldig stolte av. Men vi skal ikkje gje oss der. Vi skal fortsette å bygge vidare på dei gode haldningane og rutinane vi har innarbeida, og vi skal ta med oss sjølvtillit frå øktene vi har hatt denne veka. Det skal gjere oss gode resten av hausten, og uslåelige til vinteren!

Då står det berre att å takke alle dei andre som var involverte i samlinga, og vi gledar oss allereie til neste gang!

Gjøran Tefre

Skrevet av:

Gjøran Tefre

Team: Team Veidekke Vest

Født: 25.11.94

Eg kjem frå Førde i Sogn og Fjordane og har vert aktiv innan idrett heile livet, men valgte å sates fult på langrenn frå eg var 15 år gammal. Eg har gått videreånde på NTG Geilo og har etter ei god og innholdsrik juniortid flytta til Lillehammer for å sate for fult mot å bli så god som eg kan bli på ski. Det som driv meg er lysta på å alltid bli betre og ta nye steg som idrettsutøver, og eg håpar at team veidekke vest kan legge til rette for at eg kan blomstre som skiløper og for alvor ta steget inn i norgestoppen!

Siste artikler fra Gjøran