Kollen 5-mila

Publisert 12.02.2016 | Ukategorisert

12599130_1127863737232151_989550242_nDå eg fekk telefon frå rekruttlandslagets trenar, Sjur Ole Svarstad, og beskjeden om at eg var uttatt til 5-mila i Holmenkollen, vart eg mildt sagt overraska. Nyheita vart raskt vidareformidla til Frank og eg fekk vite at eg var ein av tre på Team Veidekke Vest som skulle gå i Holmenkollen. For etter gode løp i NM og stigande form utover sesongen vart Nils Magnus, Gaute og eg belønna med deltaking i det tøffaste og hardaste verdenscuprennet, nemleg 5- mila i Kollen. Dette var heilt fantastisk, ingen hadde sett for seg at fire av sju gutar(Gjøran gjekk v-cup på Lillehammer før jul) skulle få gå verdenscup allereie i den fyrste sesongen til teamet.

Me møttes i hovudstaden dagen før rennet for gjennomgang av løyper og skitesting. Forholda var det ikkje noko og sei på. Det var skikkelig påskevær, strålande sol og fin temperatur. Løypene var breie og fine med fire spor i breidda. Fokuset i dagane før var å samle overskudd og få i oss mest mulig mat og drikke, slik at me var best mogleg rusta til 50 kilometers lange løpet.

10413057_173762722993760_936640835_nRenndagen var komen og etter ein lang og god frukost var me alle saman klare. Skia stod klare til test og dei siste finjusteringane vart gjort før me varma opp og stilte oss på startestreken. 53 deltakarar, nokon meir spente enn andre, skulle gjennomføre 6 rundar på 8,3 km. 2004 høgdemeter skulle bestigast. Som mange forventa vart opningstempoet høgt og det skulle visa seg at det aldri roa seg noko særlig ned. Nils Magnus trøbla litt med pusten i kollentåka og kom i mål til ein 47. plass. På plassen bak kom Gaute som hadde hatt litt glatte ski i starten. Imponerande innsats sjølv om det butta litt imot. Skia mine var nok ein gong denne vinteren fantastiske og eg kjempa meg i mål til ein 25. plass. Stemninga var heilt enorm trass det litt triste været, noko Hege og Renate som også tok turen for å heia skal ha ein stor takk for.

Me blei ei erfaring rikare og fekk ei oppleving me seint vil glømme. Men det var ei stor påkjenning for kroppen, som gjer at eg no sitt heime med sår hals medan dei andre skal gå Norges Cup i Meråker. Eg oppfordrar alle til å gjere det same som meg, lade opp ipaden, trakte kaffi og følgja med på renna i Meråker. Laget er i bra form og Frank har skumle planar for helga!

Vebjørn

Skrevet av:

Vebjørn Turtveit

Team: Team Veidekke Vest

Født: 12.08.94

Eg er 20 år, fødd og oppvaksen på Voss, tok fagbrev som elektrikar i byrjinga av mai i år, og jobbar på ein godt tilpassa arbeidsplass. Mesteparten av tida går med til trening, konkurransar og jobb. Etter to år på juniorlandslaget, og eit år utan lag, har eg no som andre års senior, kome inn på det nyutvikla Team Veidekke Vest. Her skal eg og ti andre topp motiverte langrennsløparar frå vestlandet gjere det me kan for å prestere høgast mogeleg til vinteren. Målsettinga for denne sesongen er å komme til U23VM, og å forbetre 10. og 15. plassen min frå NM.

Siste artikler fra Vebjørn