Rett Vest i NM!

Publisert 01.02.2016 | Ukategorisert

Endeleg var årets høgdepunkt komen. Me har tenkt mykje på NM-veka og lagt ned mange treningstimar for å kunne prestere på eit høgt nivå under norgesmesterskapet 2016. No skulle dei komande konkurransane vise om me hadde lukkas.

Meisterskapet opna med 10 og 15km klassisk, noko som skulle vise seg å passe TVV-løparane særs godt. Nils Magnus Bøen Grave stod for årets prestasjon for TVV sin del der han suste inn til ein 9.plass! Gaute Kvåle vart 17, kun ein tidel foran Vebjørn Turtveit, 18. I tillegg klemte Førdianeren, Torstein Bu seg inn på 26. plass! 4 stk TVV-gutar topp 30 er imponerande!

nils magnus

Nils Magnus i leiarstolen under NM. Til slutt enda han på 9.plass!

På fredagens sprint, vart Renate Tjetland vår beste løpar, med ein solid 15.plass og 4. plass av U-23 løparane. Dette er årets beste resultat av Gjesdal-jenta, noko som er særs gledeleg. Nils Magnus vart nok ein gong best på gutesida, der han enda opp med ein 30. plass.

Under lørdagens duathlon opna Renate dagen med å gjennomføre årets beste distanserenn. Ho enda til slutt på 20. plass etter å ha fått bruka farten sin til å spurte ned gruppa ho kom inn til mål med.

Hjå gutane vart det Vebjørn som trakk det lengste strået med ein 13.plass etter å ha spurtslått Gaute inn på oppløpet. Også veldig kjekt å sjå den offensive gåinga til Vebjørn på klassiskdelen og ikkje minst Gaute si opphenting på del 2 i friteknikk. Torstein og Nils Magnus gjekk også gode løp denne dagen med hhv 37 & 41. plass.

Alt i alt eit strålande mesterskap av TVV-gjengen, noko som gir oss trygghet og trykk i utviklingsarbeidet vidare. Det var også mange av løparane våre som var forhindra frå å reise til NM, grunna sjukdom. Desse sakna me denne veka og me håper på rask tilbakekomst til trenings og konkurranse-arenaen!

Me vil også få takke alle som bidrar til at desse flotte løparane kan utvikle seg. Hovudsponsor, Veidekke og Grete Ingeborg Nykkelmo som følger oss med interesse og engasjement er ein avgjerande bidragsytar. Alle våre samarbeidspartnarar på utstyr og rammer, samt vår stolte regionale sponsor – Sterling!

Det er også viktig å få trekke fram det utrulige arbeidet smøreteamet har gjort denne helga og gjennom heile sesongen. Takk for ekstremt god gli og feste, samt godt humør!

Til slutt vil me også få takke klubbar og foreldre, samt skigymnas og skular som har lagt til rette og støtta våre håpefulle fram til der dei står idag!

Me ønsker å fortsette å utvikle oss vidare og kjem til å jobbe beinhardt for å bli så gode til å gå fort på ski som mogleg!

 

Helsing heile Team Veidekke Vest!