Rapport samling Sirdal 10.-16.07

Publisert 21.07.2016 | Ukategorisert

Årets tredje samling vart lagt til Feed Skiarena på Tonstad. Her budde vi på klubbhuset midt i rulleskiløypa, noko som var utgangspunkt for 9/12 økter. Det høyres kanskje rart ut men når vi trener 25 timar og har 3 veldig harde økter spelar det faktisk ei rolle å sleppe å bruke mykje tid i bil til/frå økter, marginal gains.

 

Tema for samlinga i Sirdal var sprint-trening og staking. Vi gjennomførte ei relativt hard sprintøkt skate på måndag. Sidan bøygen for dei aller fleste er å ta seg vidare frå prologen trente vi litt ekstra på dette, vi gjennomførte 3×1500 m kupert terreng med innsats på ca 3,5-4 min. Vi delte prologen opp i 3 delar der vi bruka økta til å prøve ut forskjellige måtar å disponere på, eit drag all-out frå start, eit med fullt trøkk på midt-partiet og eit siste med bånn gass den siste tredjedelen. I tillegg køyrde vi 3×1,5 min «toppfart» der vi fokuserte på å halde jamn stor fart heile vegen. Vi køyrde heile økta med individuelt fokus, ingen heat elller fellesstart, dette for å optimalisere kvaliteten på kvart drag, kvaliteten går ned dersom vi køyrer gruppestart og det er ikkje noko prioritet nett no.

IMG_3406

Staking er den heite poteten om dagen og så også for oss, vi kan like det eller ikkje men utviklinga går sin gang. Vi har ikkje overprioritert det hittil men vi ville ha ein statussjekk for det vidare grunnarbeidet så vi hadde ei i2-4 økt 3×3 km samt ein distanse på 15 km for gutane og 9 for jentene. Her fekk mange nyttige svar medan andre fekk eit tupp i ræva om at her må det jobbas meir systematisk.

Slik eg kan vurdere det blir det ikkje mange distansar det blir vald å stake 100%  i vinter, men dersom ein i det heile tatt skal vurdere det må ein ha trent på det. Det som er heilt sikkert er at det blir staka lengre og i tyngre terreng enn før i alle fasar av eit løp, difor må ein rett og slett trene på å meistre dette. Enkelte tekniske prinsipp er også overføringsbart til skøyting, så som dynamikk og posisjon i framføringsfasen, aktivt buktrykk, synkronisering av pådrag overkropp/isett av stavtak og tidleg innsats i sjølve gjennomføringa, her kan du trekke gode paralellar til dobbeldans i bratt motbakke.

IMG_3416

Resten av samlinga vart gjennomført med tradisjonell langrennstrening, langturar løp/skate/classic, 2 basisøkter, hurtighet i variabelt terreng frå variabel utgangsfart samt ei lengre progressiv hardøkt elghufs.

Vi hadde tre åpne dagar for dei som ville vere med å trene, her fekk vi besøk av fleire ivrige løperar av begge kjønn, kjekt å bli kjent med andre løperar frå regionen. Neste samling blir i Trysil, der er heile samlinga open, informasjon om dette kjem i neste veke.

LOGO_BLINK 2016-01

Foran Blink-festivalen ser det pt ut til at vi stiller med 5 løperar. Vi har hatt eindel helseutfordringar i oppstartfasa og det er ei sportsleg vurdering som er grunnlag for dette.  Vi skal uansett gje alt og håpar vi ser deg i Lysebotn og Sandnes til veka!