Samling Hovden 28.08-03.09

Publisert 07.09.2016 | Ukategorisert

Tema for denne samlinga var sprint og staking, akkurat same som vi hadde i Sirdal tidlegare i sommar. I tillegg var det eit mål å bli betre kjent med løperane og trenerane på skilinja på Hovden. Dei er ein viktig rekrutteringsarena for oss og det var interessant å sjå korleis dei jobba for å utvikle løperane som juniorar medan målet er å bli gode seniorløperar.

14124992_775643442538311_1136595462910337552_o

Thomas tok seg tid til å kvile mellom heata

Vi starta med ei dugeleg sprintøkt. Over 30 stk var med og gjorde dette til ei kjempeøkt. Vi hadde to prologar – kvart, semi og finale – samt at dei som var i tilstand til det gjorde 4 oppløpsdrag etter heata var ferdig. Ei frykteleg hard økt vi ikkje køyrer altfor ofte men som det er naudsynt å ha innslag av.

14188319_775643879204934_3065237985657608022_o

Nils M tøffar seg. Vebjørn ristar på hovudet

Onsdagen køyrde vi ein samanhengande stakedistanse på 15 km, her var det stor framgang å spore sidan i juli. Sidan vi skulle ha tre veldig harde økter denne veka valde vi å differensiere intensiteten på dei. Vi prøvde å halde oss rundt terskelfart i større og mindre grad, enkelte bakkar må du pushe for å i det heile tatt kome opp sånn høveleg teknisk sett, då er det viktig at vi hentar oss litt inn igjen i det lettare terrenget.

IMG_3909

Renate prøvar å gå med vektvest under kyndig vegleiing av FitnessJarle. Magnus har lært seg heftig teiknspråk i Hovdens undergrunnverden

Fredag køyrde vi elghufs 7×7 i4 – 3 min pause. I utgangspunktet hadde vi tenkt ei progressiv økt med i3+i4+i5 men etter å ha vurdert totalbelastninga (mange hadde Toppidrettsveka i beina samt ei blodhard sprintøkt måndag) valde vi å fokusere på ei real utviklingsøkt i4. Vi har ikkje mange moglegheitar til å gjennomføre dette kontrollert med laktatmålingar iløpet av ein treningsesong så vi måtte gripe sjangsen. 7×7 i4 kan høyres heilt vannvittig ut men i realiteten er det ikkje det, nøkkelen er å treffe på intensitet og åpningsfart. Dette vart ein real konsentrasjonstest for utøverane med mange ivrige juniorløperar som var ute etter ein seniorskalp. Det betydde at vi måtte vere ekstremt fokuserte på oss sjølv og vår eigen intensitet. Eg er veldig nøgd med utøveranes gjennomføringa av denne økta, samtlege blei testa fleire gonger og samtlege traff intensitetssona. Eg synes utøverane har blitt veldig flinke til å visualisere og gjennomføre den planen dei har lagt på forhånd, kudos!

IMG_3941

Ellers hadde vi iløpet av samlinga veldig mykje hurtighet, teknikk, gode langturar og basistrening. Eg synes utøverane responderer godt på det treningsarbeidet dei har lagt ned, eg ser dei blir sterkare mellom kvar einaste samling. Vi har imidlertid ein veg å gå teknisk sett, særleg i skate, her må vi opp på eit høgare nivå. Eit fellestrekk her er hoftebruk, høg hofte, skyv igjennom hofta, la hofta styre bevegelsane istadenfor overkroppen, skuve med kroppen som ein einhet. I tillegg det å bruke overkroppen nok, uten horisontal og vertikal vridning, her er det eindel å gå på som vi må jobbe vidare med.

IMG_3904

Magnus viser Vebjørn korrekt hoftebruk. Nils har alltid tid til litt bicepscurl mellom slaga

Hovden VGS var med på nesten samtlege økter i større og mindre grad, det skal vere og er forskjell på ein junior og senior, men vi fekk god matching på dei øktene vi ville. Vil gjerne nytte høvet til å takke trenerane Øystein, Micke og Svein Olav for all tilrettelegging– og til utøverane for gode treningsøkter og godt humør.

IMG_3888

God treningshaust vidare!