Samling Mallorca

Publisert 24.10.2016 | Ukategorisert

Iår som ifjor valde vi Mallorca som base for eit lengre samlingsopphald, nytt av året var at vi var der ILAG med våre brødre og søstre i Veidekke Nord-Norge <3

Vi hadde base i Palma i 12 dagar, der vi kunne gå på rulleski rett ut frå hotelldøra. Når du er på Mallorca er det mest aktuelt å bruke rulleskia, løping går og an med litt køyring, styrketrening blir mest vedlikehald sidan det i prakis er vanskeleg å lokalisere store og gode nok lokale for grupper.

Tema for samlimga var naturleg nok spesifikk trening på rulleski og eit lite knepp til høgre på intensitetsskalaen. Vi hadde 4 hardøkter på 12 dagar, 3 ilag med TVNN – 1 utviklingsøkt i3 skate – 1 sprintøkt skate – 1 lang rulleøkt staking i4 – samt at vi køyrde ei ekstra utviklingsøkt i3 classic. For dei lokalkjente bruka vi Puig Major til dei lange i3-øktene, MA-19A S`Aranjassa til rulleøkta og sykkelvegen mot Son Gual til sprintøkta. Ellers blei dei fleste turane på rulleski i området rundt Llucmajor og opp til velkjente Cura. Løpeturane var i Valdemossa-regionen, ca 20 min i bil frå Palma, styrkeøktene tok vi felles på stranda samt at nokon køyrde litt max på det lokale flexingsenteret (dont stress – benchpress).

img_4147

Den store snakkisen i ettertid her heime var det lokale politiets handtering av situasjonar med større grupper av rulleskiløperar på trafikkerte vegar. Vi blei stoppa to gonger, begge gongene på intervallar, den eine i motbakke og den andre i kupert terreng. Eg må sei eg kan forstå politiets reaksjon og gadd ikkje bruke energi på å diskutere med dei, det er tap uansett og eg er oppdratt til å innrette meg etter lovens lange arm. Eg har lang erfaring i å køyre følgebil i mange land og har ikkje opplevd så kaotiske situasjonar frå mitt perspektiv som sjåfør som det vi opplevde der nede. Veldig trange og uoversiktlege vegar (Puig Major), grupper med løperar som ikkje alltid er like flinke til å ta hensyn til bilistar – saman med mange turistbussar og ein meir hensynslaus trafikkkultur følte eg meg ikkje superkomfortabel med. Stort sett går det bra, men vi fekk eit tragisk tilfelle der nede der ein løpar (ikkje vår) vart påkøyrt av ein buss, krysser fingrane for at vedkommande kjem tilbake som skiløpar, god betring!

Verdien av å trene saman med TVNN følte vi var veldig god. Vi fekk god matching utanfrå på dei harde øktene, det gav inspirasjon på dei meir monotome turane å snakke med andre enn dei vanlege,  det var lettare å organisere turar med fleire leiarar, det var god fagleg refleksjon på både utøver og trenersida, det var også meir sosialt sjølv om treninga stod i høgsetet. Alt i alt følte gruppa dette var positivt og vi håpar vi kan få til fleire slike samlingar i framtida.

Iløpet av samlinga hadde vi evaluering av trener, det er alltid veldig nyttig å samanlikne treners oppfatting av eiga rolle kontra utøvargruppas oppfatting. Vi gjorde det slik at utøvergruppa fekk tid til å diskutere på eiga hand og bli einige om dei mest kritiske punkta, før vi hadde ein felles gjennomgang i plenum der utøverrepresentant presenterte og eksemplifiserte kva gruppa hadde tatt opp. For kvart punkt fekk trener lov å kommentere/forklare/diskutere før vi gjekk vidare til neste punkt. Dette er ei noko elsk/hat-oppleving for mitt vedkommande, alle ønsker å bli godt likt men så er det også slik at skal ein bli betre på noko må ein ta tak i det som er litt ubehageleg: Sine svakhetar. Eg har meir tru på ei slik open, ærleg og naken  evalueringsform enn anonyme skjema, sjølv om det også i eindel tilfeller er riktig dersom det er graverande ting som er vanskeleg å ta opp i ei gruppe. For ordens skuld: Eit slikt skjema vart bruka i ei forhandsevaluering.

img_4151

Summa summarum meiner eg denne samlinga gjorde oss sterkare som lag. Vi trente bra og utvikla oss, vi vart tettare spleisa saman gjennom ærlege prosessar, vi fekk verdifulle svar i matching mot TVNN – vi går mot sesongstart med styrka optimisme på mange område. Neste samling blir i utgangspunktet på Beitostølen 08.-13.11, på gjenhør!