Sesongopning Beitostølen og NC Gålå

Publisert 29.11.2016 | Ukategorisert

I forkant av sesongopninga på Beitostølen låg vi ei dryg veke på samling. Her fekk vi gjennomført god grunntrening og spissa forberedelsane til konkurransesesongen. Vi hadde også besøk av vårt dyktige smøreteam som hjalp oss med å sortere skiparken.

15220194_396472097351469_5275090001006410270_n

Gaute i draget på Gålå

Dei fyrste renna på Beitostølen blei ei blanda affære. For oss var ikkje den helga den viktigaste å gå fort men alle ynskjer sjølvsagt bekreftelsar på at grunnarbeidet vi har lagt ned har vore bra. Det knytter seg alltid ei spenning til sesongopninga, kven er i form, kven blir den store overraskelsen, kven er på kjøret osv, det einaste eg veit er at opningsrenna ikkje nødvendigvis gjer oss fasiten på dette. Vi fekk ingen toppresultat men likevel nokon positive svar som vi kunne jobbe vidare med. Vi lærte også mykje om forberedelsar, ikkje minst mentalt – og vi fekk trent på rutiner med skitesting og løypegjennomgåing.

15267536_396472137351465_2409915096234945328_n

God stemning med Veidekke Nord og Midt på sekunderingspost

Etter ei lita veke var det klart for sesongens fyrste NC på Gålå. Planen her var formstiging frå Beito. Vi hadde eit godt lagmøte på fredag der vi drøfta endring i mental tenking og veremåte. Erfaringane vi fekk på Beito gav oss svar på at eindel av oss nok hadde litt høge skuldre og bruka unødvendig mykje energi på ting vi ikkje kunne påvirke. Dette gjaldt både meg sjølv og nokon av løperane. Vi tok difor tak og fokuserte på nokon enkle trix som gav oss positiv energi, eg følte personleg at det hjalp meg mykje. Dette er enkle basisting som ofte går litt i gløymeboka. Som trener tenker ein at utvikling og inovasjon er det som skal til for å løfte ei gruppe, avogtil er det enkle det beste. Det skal iallefall ikkje eg gløyme. Resultata frå NC skal eg ikkje bruke tid på å ramse opp men vi fekk gode mange gode opplevelsar, lærte noko nytt og er optimistiske foran resten av sesongen. Herreminhatt for eit hjelpelaust kjedeleg innlegg, det skal bli full skjerpings neste gong med oppsummering av Scancup som går på Lillehammer 09.-11.12.

Take care og good mental health!

15220231_396472140684798_7859343757177604992_n

Vebjørn og Nils Magnus etter sprinten på Gålå