Nytt lag, samlingsplan og åpne samlingar

Publisert 30.05.2017 | Ukategorisert

 

Årets lag har fått 4 nye fjes inn: Karoline Simpson-Larsen, Nora Lian Aarrestad, Sivert Wiig og Gjøran Tefre. Vi kjem tilbake med meir presentasjon og ikkje minst bilete seinare når vi alle er samla.

Vi hadde årets fyrste samling på Lillehammer 07-12.05, der var hovudfokus planlegging av treningsesongen og testing. Vi gjennomførte laktaprofil skate og v02max løp på HIL, vi fekk og køyrd hjulbob og paintball i Hunderfossen. Det var ei hektisk samling men vi fekk eit godt utgangspunkt for det vidare arbeidet. Etter dette har det vore eksamensperiode for mange og vi har ny samling i skimetropolen Fyresdal til helga.

Årets samlingplan inneheld to åpne samlingar der seniorutøverar i eigarkretsane – Agder og Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane – er hjerteleg velkomne til å vere med å trene. De må sjølv syte for kost/losji avdi vi ikkje har kapasitet til den logistikken. Den fyrste åpne samlinga er i Vik 18.-23.06, den andre på Hovden 03.-09.09. Vi kjem tilbake med meir info om desse, brenn du inne med akutte spørsmål kan du kontakte trener Eivind Arne Bjaaland på tlf 915 95 133 eller e-post eabjaaland@yahoo.no

Samlingsplan TVV 2017-2018:

Lillehammer 07-12.05

Fyresdal 04.-11.06

Vik 18.-23.06 – ÅPEN

Hjelmeland + Blink 23.-30.07

Hemsedal 06.-12.08

Toppidrettsveka 16.-20.08

Hovden 03.-09.09 – ÅPEN

Felles Veidekke+rekruttlandslag 17.-22.09

Spania + Tignes – midten av oktober ca – varighet 10-21 døgn

Flexisamling ved behov for snø – 5 døgn november/desember

Vintersamling – 5 døgn slutten av januar