Beitostølen, Gålå og litt til…

Publisert 01.12.2014 | Ukategorisert

Hei.

Nå er sesongen endeleg i gang. Alle dei harde månadane med arbeid skal nå resultere i gode resultat og utvikling. Sesongen starta på Beitostølen forrige helg med tre konkurransar for meg og dei andre på laget. Blei ei fin åpningshelg for meg, med spesielt skøytedistansen som eit høgdepunkt. Til tross for at formen kunne vore betre, så var det ein god start, og framtidsutsiktene er lovande. TV-tid blei det også eindel av 🙂

Etter planen skulle toppformen nærme seg allerede på Gålå i helga som var. Dette blei dessverre ikkje tilfellet. Ein litt tung kropp og ikkje det overskuddet eg hadde håpa på, førte til at skirenna gjekk på det jevne. Likevel mykje positivt å ta med seg, og plasseringar på 40-tallet på “tourens” to fyrste distansar må vere godkjent når kroppen ikkje er heilt rå. Dag tre får gå i gløymeboka, då eg fekk problem med hjertearytmi, noko eg har hatt problem med av og til sidan eg var 13 år. Følelsen ellers var som dei andre dagane. Får håpe at arytmi-kvota er oppbrukt for denne sesongen.

Ellers bestod begge helgene av gode resultat for heile laget, med spesielt Emilie, Karianne og Magnes prestasjonar på Gålå som høgdepunkt. Laget er i god rute til å få ein fin sesong, og med stigande form mot Skandinavisk-cup om 10 dagar skal me slå godt fra oss der. Me håpar sjølvsagt på topplasseringar!!

Nå blir det ei veke med god trening, leiting etter godfølelsen, og fine skiturar på Sjusjøen. Eg må også komme meg igjennom to eksamenar før Skandinavisk-cup på Vang.

Dette blir bra.