
NNM 2015 er historie, og for oss vart det eit flott mesterskap med 6/6 medaljer på herresida! Det gir sjølvtillit før NM del 2 i Harstad neste veke. Silje var sjuk og kunne diverre ikkje vere med i år.
For dei som ikkje kjenner NNM (nordnorsken) si betydning anbefalar eg at dei gjer som Petter Soleng Skinstad gjorde i år, og blir med på skifesten. Det sportslege nivået var høgare på Birkebeineren med WC-vinnarar og fleire landslagsløparar på start, men for Nord-Norge er dette årets happening frå yngste klasse til veteran.
Derfor er det viktig at me som regionlag er til stades her. Alle på laget har gått nordnorsken som små rekruttar, og herifrå er det mange gode minner. Det er klubbane og kretsane som gjer grovjobben som me nyt godt av når løparane vert seniorar.
Når eg ser kor viktig det er at me er på nordnorsken vert det enda tydeligare at regionlaget Team Veidekke Nord-Norge skal vere på NNM kvart år!
To eksempel på det:
1) Ei gruppe Vadsøløpere som sprang fram og tilbake under fellesstarten for å fylgje Morten Harjo Pettersen. Då spurten starta vart det heia intenst 300 meter unna mål. Artig å oppleve!
2) Å sjå kor viktig det er for yngre og foreldre i Bossmo & Ytteren å treffe Rolf Einar Jensen på skirenn, og kor viktig det også er for han å treffe dei, viser at vår tilstedeværelse på nordnorsken har sin misjon!

Rolf Einar i lag med dei to andre gullvinnarane frå Bossmo og Ytteren IL. Benedicte Stien Schreiner (venstre) og Marthe Kråkstad Johansen (høgre)
Etter mi meining fekk me markedsført laget og verdien av å ha eit regionlag godt på renna, i tillegg gjorde me marknadsarbeid for Veidekke i forbindelse med premieutdelinga laurdag. Buffar og mobildeksel med vår logo var populære både blant ungar og vaksne 🙂
Til slutt vil me rette ein takk til Innstrandens IL for eit flott arrangement og gode forhold under renna trass i utfordringar fram til start. Neste år går turen til Alta.
Frå og med onsdag er samla i Harstad for NM del 2, og me håpar på stor støtte frå lokalbefolkinga der! Me gledar oss.