Offseason og oppsummering

Publisert 18.04.2015 | Ukategorisert

Heihei.

Skisesongen avsluttas offisielt i Norge med dagens Skarverenn. Dessverre får eg ikkje med meg årets utgåve, då eg allereie avslutta sesongen kvelden før NM 5-mila i Harstad. Etter eit fleirtal av svake resultat etter jul, bestemte eg meg etter nok eit dårleg renn under 10 km klassisk i Harstad, at det var på tide å kaste inn handkledet.

Det var etter jul og skandinavisk cup i Falun eg skreiv innlegget ”leite etter lykka”. Der fortalde eg om at den største lykka ein skiløpar i sesong kan få, er følelsen av at alt fungerar og klaffar. Den velkjende ”godfølelsen”. Den kom dessverre aldri. Det har ikkje bare vore dystert likevel. Eg fekk til ei fin stafettetappe i NM, og nokre andre godkjende NM og SC-løp, men kurva som burde vore stigande, basert på nedlagt trening osv. , var synkande. Nokre oppturar gav meg likevel trua på at det ikkje var noko alvorleg gale, men bare for lite kvile. Etter Skandinavisk cup i Baltikum derimot, skjønte eg at noko var gale. Var eg overtrent?

Tok turen til fysioterapaut som kunne avdekke litt muskelslitasje, men ikkje skremmande. Med mange kviledagar og behandling hadde eg trua på stigning før Meråker. Den kom ikkje. Meråker fungerte ikkje i det heile. Mitt tyngste skøyterenn i karriera. Veldig trist, då eg hadde peika ut 3-mila der som eit av hovudmåla i årets sesong.

Det var nå klart at noko var gale. Laktattestar, blodprøver og andre testar gav meg ingen klare svar. Det einaste eg kunne merke var at pulsen låg mykje høgare enn vanleg på økter. Etter 3 veker med kviledagar og roleg trening, tok eg i samråd med lege og Lars turen til Harstad for å sjå om dei siste 3 vekene hadde gitt effekt. Svaret på det står øverst i teksten.

Då er me tilbake til 5-mila i NM. Eg skulle ikkje gå, og tok derfor rolla som Lars sin assistent. Ein kjempeflott dag i nord, med Øyvinds superløp som eit STORT høgdepunkt. Eit kort samandrag: Øyvind ligg på ei plassering i underkant av 20., når han går ut på sisterunde. Der står eg og ser ein ung mann med dyrisk blikk. ”Denna skal gå fort” er vel det rette begrepet. Min far ringer entusiastisk då Øyvind passerar 46 km, og seier at han passerar på 10. Plass. Overfører meldinga til Lars og me ladar til århundrets innspurt. Det blir det, og Øyvind kjem på ein råflott 7. Plass. Veldig fortjent, og ei fin dag for meg å debutere som servicemann.

Påska blei feira heime i Vest-Telamrk hos mor og far, og det var strålande. Påska er nok favoritthøgtida. Sjølv om kroppen ikkje er som han skal, har eg likevel fått til ein strålande “offseason”, med fine familieturar, ein topptur til Gaustatoppen med min bror m.m.  Når eg fyrst bestemte meg for å avslutte sesongen var det veldig befriande. Eg kunne slappe av. Det er godt å få nullstille kroppen litt. Kjenner likevel at det byrjar å krible i beina. Snart er eg klar for ny sesong. Håpar å bli frisk så fort som mogleg, og starte opptreninga. Status er likevel at noko er gale med kroppen min, men eg veit dessverre ikkje kva som er årsaken, og eg må difor ta livet med ro. Det skal eg nok klare. Nå som det er “offseason” er det likevel gode måtar å finne lykka på.

Til slutt vil eg ynskje alle som stiller til start i dagens Skarverenn lykke til, og spesielt Lars Christian.

Snakkes.