2. samling

Publisert 12.07.2015 | Samling

 2. samling gjekk for seg 22.-28. juni. Den fant stad på Voss, nærmare sagt i Myrkdalen. Dette var første gong heile teamet var samla. Me budde i leilighetar i Myrkdalen fjellandsby. Her hadde me kort veg til Vikafjellet kor me fekk mange fine dagar på ski. Medan resten av langrenns-Norge gjekk i kø på Sognefjellet, hadde me løypene her stort sett for oss sjølve. Forholda var upåklagelige sjølv om det nærma seg juli.
 
Veka bestod av 5 økter på ski på Vikafjellet, ei intervalløkt i Bavallen på Voss, ei intervalløkt i rulleskiløypa i Voss ski og tursenter, litt hurtighet og styrke, og ellers nokre løpsøkter og rulleskiturar i Myrkdalen. Til slutt kunne me føra rundt 25 timar trening denne veka, og like mange timar tæning. Voss viste seg fram frå si beste side, og klarte å spara vestlandsværet til vekene etterpå..
 
Utstyret fekk me også på plass i løpet av samlinga. Alle var storfornøyde med nye, freshe klær frå Bjørn Dæhlie, hjelm frå Catlike, pulsklokke frå Garmin og rulleski frå Swenor og IDT. Det har gjort at treninga går som ein leik. Med godt påfyll av produkt frå Bendit haldt me oss sunne og friske heile veka.
 
Sjølv med mobilforbud på treningsøktene, mellom øktene og etter kl 22 på kvelden, klarte me likevel å spamme på sosiale medie. Frank har endelig oppdaga instagram, så følg med!
I motsetning til dei andre veidekkelaga, tar me ikkje sommarferie i år. Ein del av teamet har vore prega av sjukdom i vår, men no er alle tilbake i god flyt. Me brukar sommaren på å leggja eit godt grunnlag til vinteren. Neste gong me møtes er i slutten av juli på Hjemeland. Då er det Blinkfestivalen som står for tur. God sommar!
// Hege

Skrevet av:

Hege Djukastein

Født: 09.02.94

Født og oppvokst på Voss. Har alltid vert glad i å konkurrera, og har drive med fotball og langrenn sidan eg var liten. På vidaregåande valgte eg bort andre idrettar, og satsa på langrenn ved toppidtrettslinja på Voss Gymnas. Har etter det budd to år i Oslo der eg har satsa med IL Heming, og studert økonomi ved sida av. Frå hausten av skal eg bu på Lillehammer, og er tilbake i barndomsklubben min Bulken IL. Eg gler meg til å satsa vidare saman med Team Veidekke Vest!

Siste artikler fra Hege