Samling i Førde

Publisert 21.09.2015 | Samling

 

Team Veidekke Vest si femte samling er vel gjennomført. Den gjekk føre seg i heimstaden til Gjøran og underteikna, Førde. Samlinga var open for alle seniorar, og det var spesielt mange frå Vossalangrenn og Sirdal som hadde tatt turen til Førde. I tillegg stilte Sogn og Fjordane sitt krinslag sterkt på “heimebane”.

samlingførde1Vi starta den vekelange samlinga med ein roleg joggetur på mandagen i naturflotte omgjevnader rundt Bekkjavatnet og mot Langeland. På tirsdag var veret på sitt beste og vi fekk ein veldig flott langtur med fantastisk utsikt frå toppen av Førdsnipa.

Første hardøkt stod for tur på onsdag. Då gjennomførte vi 6-6-5-5-4-4 min intervall opp mot Hafstadfjellet. Alle fekk god matching og det vart ei veldig god økt.

 

 

Puls Førde stilte, for Magnus si store glede, med godt styrkelokale for å boltre seg i. Her var vi på andreøkta både på tirsdag og på torsdag.

 

På fredag var det tid for ny hardøkt. Denne gongen skøyting rulleski. Vi starta med eit i3-drag i lett-terrenget, før vi kasta oss på stavane opp Sundsdalen med 6x4min-intervall.

Ellers har samlinga vore allsidig, moro og ikkje minst sosial. Vi har utnytta alt frå fotballbaner, klartepark og badebasseng som alternativ trening etter dei hardaste øktene. På onsdag vart det arrangert quiz saman med alle frå Vossalangrenn, Sirdal og krinslaget, og på fredag reiste Frank, Vebjørn, Gjøran og eg på kino for å sjå Everest, mens resten av teamet låg på hotellet og koste seg på Saw-filmane.

Med slitne kroppar skal det vere godt å gå inn i ei litt lettare treningsveke, men eg kan nok snakke for heile teamet om at vi alle allerede gledar oss stort til neste treningssamling om tre veker, denne gangen i meir sydlegare strøk, nærmare bestemt Mallorca. Vi snakkast!

// Torstein Bu

Skrevet av:

Torstein Bu

Team: Team Veidekke Vest

Født: 20.10.95

Eg er født og oppvokst i vestlandsbyen Førde. Det var her skikarriera mi begynte så smått i ein alder av 10. Eg vart fort “bitt av basillen” og derifrå var det langrenn som gjaldt. Etter ungdomsskulen flytta eg til Meråker for å videreutvikle meg som skiløper, og er no ferdig med 4 år i langrennsbygda. Der trivdes eg veldig godt, men mykje på grunn av nærheten til TVV blir eg å bli sett på Lillehammer neste år. For meg er TVV eit viktig steg som forhåpentlegvis vil hjelpe meg i riktig retning mot å bli ein så god skiløpar som mogeleg.

Siste artikler fra Torstein