Samlingsrapport Lillehammer 20.-25.05

Publisert 27.06.2016 | Samling

Vi er godt igang med treningsførebuingane og har allereie hatt to samlingar denne sesongen.

Opppstartsamlinga var på Lillehammer i perioden 20.-25.05. Tema var intensitetstyring og tekniske grunnposisjonar samt bli kjent med ny løpar og trener. Vi bruka eindel tid på å legge retningslinjer i gruppa, diskutere samlingsplan og verdigrunnlag for korleis vi ynskjer å framstå og korleis vi ynskjer å ha det saman.

For utøverar som trener så mykje er intensitetstyring eit viktig verkemiddel for å kunne styre totalbelastninga. Det er ikkje så mykje som skal til før det bikkar over, lita tuve kan velte stort lass. Vi bruka laktatmålar for å objektivt kunne identifisere dei ulike intensitetane opp mot subjektiv følelse og puls, vi fekk testa ut alle intensitetar frå 1-5, her fekk mange ei aha-oppleving. For i det heile tatt å kunne diskuterer intensitetar, lage treningsplanar og justeringar er det naudsynt at vi faktisk veit kva vi pratar om, her har vi alle mykje å hente.

Grunnposisjonar er noko vi jobbar med kontinuerleg på alle økter, det viktige her er bevisstgjering og å “vere tilstades” under økta. Som eit verkemiddel har vi tatt i bruk “gode gamle” og oppgraderte imitasjonsøvelsar som kan vere særs effektive for innøving av gunstige bevegelsesmønster og oppleving av å inneha gode posisjonar til einkvar tid. I eit samspel med eiga oppfatting, visuell tilbakemelding frå speglar og video – samt tilbakemelding frå tredjepart – synes vi det er vel verdt å investere tid på dette i til dømes13308547_305564723108874_225341583296487888_o samband med styrke og basistrening. Dei grunnprinsippa vi jobbar med innandørs tek vi så med oss ut på rulleski for felt-testing og utprøving i praksis.

Den aller beste teknikktreninga er å gå utan stavar, her får du umiddelbar tilbakemelding dersom noko ikkje stemmer, eit feil skuv får “katatrofale” konsekvensar for det neste og der har du dominoeffekten i praksis. I verktøykassa vår har vi eit stort utval øvelsar vi brukar kvar einaste veke både i skøyting og klassisk.

Laget har desverre vore plaga av eindel sjukdom og skader i vinter og vår, dette har medført at vi har vore litt redusert i antal på øktene og på samling. Vi har satt igang eindel tiltak som vi håpar skal rette opp dette og at vi alle kjem godt igang med treninga foran den nye sesongen så snart som råd er.

Det er endra litt på lagsstrukturen foran inneverande sesong, det har gått 3 løparar ut av laget og kome ein inn. Thomas Hetland er nykommar, han er 20 år, opprinneleg frå Egersund og representerer Helleland IL