Samling Trysil, Toppidrettsveka og vegen vidare

Publisert 23.08.2016 | RennSamlingTrening

Trysil

Vi hadde samling i Trysil 07-14.08. Den var åpen for andre seniorar men det var bare to stk som valde å benytte seg av den anledninga, dette skuldas nok at det var siste veka før skulestart samt lokalisering heilt på andre sida av landet.

Tema var utviklingsøkter og teknikk. Vi køyrde to hardøkter, ei lang i3 skate på 70 min dragtid og ei lang i4 elghufs med 45 min dragtid. Nokon av løperane som skulle til Toppidrettsveka blei igjen til sundag og køyrde også ein progressiv distanse.

IMG_3639

Elghufs

Vi fekk jobba meir med tekniske løysingar, eg ser stor framgang på løperane men det er framleis mykje å gå på, enkle øvelsar gjer stor progresjon så lenge ein jobbar målretta med dei. For min eigen del synes eg det er utfordrande praktisk å jobbe tett individuelt med 9 løperar på ei hektisk samling, det blir mest samlebåndsinstruksjon frå mi side, dette må bli betre og eg vil prioritere det endå meir i tida framover.

Trysil som samlingsplass var vi godt nøgde med, forholda for rulleski og løping var gode nok, vi leigde idrettshall til basistrening noko eg synes gjer stort utbytte. Vi bodde på ei storhytte av moderne standard der alle fekk enkeltrom, synes det var ei god investering at alle kunne få litt «aleinetid» når det er samling, vi er forskjellige med ulike behov og det å heile tida forhalde seg til andre kan koste litt energi. Marginal gains.

Denne samlinga fekk vi med oss ein fysio-student, Jarle «FitnessJarle» Nordtveit Åsheim. Han gav oss gode behandlingar mellom og etter øktene. I tillegg til å bistå med alt det andre praktiske og eit hellsikkes godt humør. Marginal gains.

IMG_3634

FitnessJarle in action

 

Toppidrettsveka

Vi reiste til Aure og Trondheim ganske stinne av trening etter samlinga i Trysil. Målet var å få god konkurransetrening, at alle skulle få gode opplevelsar samt framgang frå Blink-festivalen.

Det vart ein flying start på torsdagen då Gaute smadra verdenseliten og vant den fyrste distansen, 24 km skate. Respekt. Nils Magnus og Thomas fulgte opp med 25. og 35.plass. Magnus og Torstein vart 71 og 73. Seinare på dagen var det sprint classic, Nils Magnus kom til semifinale og Magnus røyk ut i kvart. Resten gjekk ikkje vidare frå prologen.

IMG_3786

Pallen på 24 km skate

Vi flytta oss vidare til Trondheim på fredag der det var sprint skate. Her gjekk Gaute og Thomas ut i kvartfinalen medan dei andre ikkje gjekk vidare frå prologen. På den avsluttande jaktstarten laurdag  byrja vi å gå litt tom for krefter, Nils Magnus gjekk ein god jaktstart og vart nr 14 samanlagt. Gaute vart 26, Torstein fekk ein solid opptur og gjekk seg opp 51 plassar (!), Magnus 54 og Thomas 77.

IMG_3781

Sprint Trondheim

Summa summarum var desse konkurransane ein stor opptur for laget. Alle fekk gode opplevelsar, ei eller fleire gode plasseringar samt viste klar framgang frå Blink-festivalen. Kinder-egg.

Vi fekk ein test på førebuingar både mentalt og praktisk, det at vi alle saman gjorde grundig forarbeid med tanke på taktikk, teknikkval, ulike scenario, logistikk, restitusjonstiltak osv var i mine auger ein suksessfaktor. Eg likar ikkje slurv og stolar ikkje på tilfeldighetar, skal ein gjere noko må ein gjere det ordentleg. Her var Stig Kalstad ein uvurdeleg ressurs for oss, du finn ikkje makan til mann å stole på. Tusen takk for hjelpa! Marginal gains.

IMG_3816

Stig Kalstad og Håkon Loe i støtteapparatet under Toppidrettsveka

Vi fekk og prøvd ut lagarbeid i praksis. Utøverar som ikkje var like nøgde med sitt eige løp klarte å svelge skuffelsen og kom med tips og vink til lagkameraten som skulle starte seinare. Respekt. Vi er alle konkurrentar men vi er også eit lag. Det å glede seg over andre medan ein sjølv er skuffa er ein krevjande øvelse. Eg er imponert!

IMG_3779

Diskusjonar før start saman med våre brødre i Oslofjord

 

Vegen vidare

Vi er no kome til eit lite vegskille. Hittil har vi prioritert gode utviklingsøkter i sone 3 og 4 på det intensive arbeidet. Tida er komen for å kneppe opp litt og byrje å kjenne litt på syra. Ikkje så voldsomt men vi må ha meir regelmessig innslag av sone 5. Ein blir ikkje god av ein intensitet aleine, ein må innom alle, det er balansen i dette som er det interessante frå ein fagleg ståstad. Eg har ikkje mastergrad i idrettsfysiologi så eg kan ikkje forklare det fysiologiske i det, men eg veit at «slik er det».

Meir detaljert i korleis vi som lag løyser dette kjem vi tilbake til neste gong. Vi har eindel utfordringar sidan vi har utøverar som av ulike årsakar ikkje har kunne trene for fullt før no. Samlinga på Trysil var fyrste gong i år vi var fulltallige.

 

Uansett har vi no fått ein bekreftelse på at vi som lag har gjort noko riktig. Det gjev ein trygghet i treningskvardagen å vite at dei prioriteringane vi har gjort fungerer for oss. Å sleppe å stresse, mase, jage og leite etter hokus pokus, magiske formlar, uvesentlighetar og mirakelkurar som ein ofte ser på instagram. Eg ser fleire og fleire av utøverane ha framgang mellom kvar einaste samling, det gleder meg å sjå. Det kjem av engasjerte utøverar som tek ansvar for eiga utvikling. Vi får ikkje gjort så forbaska mykje på samlingane, vi identifiserer arbeidsoppgåver som utøverane tek med seg heim. Grunnarbeidet gjeras imellom.

IMG_3654

Langtur i haustver

Hausten er etter mitt syn den mest utfordrande og kritiske delen av grunntreningsperioden. Kjem du skeivt ut i mai har du god tid på deg. Om sommaren har du den “tryggheten” i at dersom det skjer noko har du likevel “heile hausten” å rette ting opp på. Går du på ein smell i september/oktober brenn det brått eit blått lys og sesongen kan stå i fare. Sjølv om vi endrar litt fokus må vi unngå å miste hovudet å gå heilt bananas, drite i gunnprinsippa og intensitetstyringa som må ligge i botn. Eg er ikkje så bekymra for hardøktene så lenge dei går i planlagt sone, det er kalkulert risiko som vi tek hensyn til i treningsplanlegginga. Eg er meir opptatt av langturane som plutseleg går så mykje fortare avdi vi er i betre form. Som plutseleg blei ein time i3 fordi det føltes så lett. Som brått aukar den totale treningsbelastninga med 30%.  Eit unntak i ny og ne kan eg godt sjå gjennom fingrane med men ikkje 10 veker på rad. Det er der skoen trykker. Det veit i alle fall vi som har prøvd det 😉

Sjukdom må ein desverre regne med å få ei eller anna gong. Ei veke forkjølelse spelar ingen trille, det kan nesten bare vere bra. Det kritisike her er å drite i symptoma og bare duse på, “satse på at det går bra”, at det ikkje er så farleg. For vanlege menneske er det sant nok, ikkje for idrettsutøverar. Trene med forkjølelse betyr ofte at istaden for 3-5 dagar ute blir det 14 dagar, det er noko heilt anna. Då mistar du kontinuiteten i treninga, eg pleier å regne antall sjukdomsdøgn x 2 før du er tilbake på nivå du var då du blei sjuk, you do the math.

Vel, har du ikkje sovna før no så er det på tide, thank you and goodnight!

IMG_3766

Restitusjon løp i Aure med brødre og søstre i Oslofjord