Status før siste innspurt

Publisert 27.09.2017 | Ukategorisert

Tida flyg!

Vi er no ferdige med mange av samlingane våre denne sesongen. Vi gjennomførte to samlingar i september, felles-samling med eigarkretsane på Hovden 03.-09.09 før vi hadde felles-samling med dei andre Veidekke-laga og NSF rekruttlag på Lillehammer 17.-22.09.

Hovden fyrst:

  • Så kult at så mange kom! Vi var totalt 26 stk frå Agder-Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, heilt rått! Kjempeinspirerande for alle når vi er så mange samla til dyst, treninga går som ein leik. Det gir oss også ein moglegheit til å bli litt betre kjent og skape tilhørighet på tvers av lag og kretsar, vi ynskjer at alle skal føle seg velkomne og føle dei er verdsatt, det er de nemleg!
  • Vi gjennomførte ein klassisk intervall 8/10×3 min, eit testløp 10/15 skøyting og ei i6-økt 3×30 sek + 3×25 sek + 3×20 sek. I tillegg hadde vi gode langturar og litt styrke. Vi utvida samlinga nokon dagar for dei som ville slik at vi fekk gjennomført ei terskeløkt 6×10 løp/hufs også. Mykje kvalitet på ei veke.
  • Utanom øktene hadde vi ein konkurranse i leirdueskyting og ein quizkveld. Vebjørn Turtveit vart vinnar med 20/25 på skytinga, rypene på Hardangervidda går ei uviss framtid i møte. Hordaland vart suveren vinnar av 1,6 kg smågodt på den ekstremt vanskelege quizen, reknar med dei har igjen litt enno!
  • Benyttar høvet til å takke elevane på Hovden som var med på øktene – og til trenerane som stod på for å legge forholda til rette for ei perfekt samling!

Lillehammer:

  • Godt og vel 60 utøverar og trenerar møtte opp til den årvisse felles-samlinga på Lillehammer. Her vart det gjennomført ein sprint klassisk måndag, ei hard hurtighetsøkt onsdag og 6×6 min elghufs til avslutting på fredag. Denne samlinga blir ofte bruka til ein liten statussjekk sidan vi er så mange utøverar på høgt nivå samla, vi fekk gode svar på både sprinten, hurtigheten og elghufsen. Vi fekk også ein liten tupp i ræva og bekreftelse på at det er eindel å jobbe vidare med. Utfordringa med slike samlingar er at farten på langturane kan bli litt høg sidan det er stor forskjell på nivå og treningstilstand. Det er heldigvis ikkje farlig å tøye grensene i kortare periodar, det er fyrst når det blir ein vane og alle øktene går litt for fort ein må vere litt obs.

Vegen vidare:

  • Vi har 1-2samlingar igjen før sesongstart. Vi har vald ein modell der vi deler opp laget etter behov og tilstand. Nokon har behov for å trene mykje fart og høgare intensitet, dei reiser 10 dagar til Mallorca. Andre har behov for større mengde og lågare intensitet, dei reiser 21 dagar til Tignes på høgdeopphald.
  • Mallorca har sine fordelar med gunstig klima og godt vær, fine barmarksforhold og stort sett gode vegar å køyre høgintensiv trening på. Utfordringa har vore at store grupper på rulleski ikkje er like populært, noko vi fekk erfare då vi budde i Palma i fjor. Difor vel vi å ha base i Alcudia i år. Der vil vi ha mange av øktene saman med våre venner i Team Veidekke Nord-Norge, det blir god stemning og god matching!
  • Høgdeopphald er eit tiltak som kan vere gunstig på mange måtar, vi reiser dit med hensikt å auke raud blodcellemasse (blodeffekt) og for å trene ski-spesifikt på snø. Det å trene så høgt har likevel sine klare begrensingar: Ein bør ha god treningstilstand over tid, høg aerob kapasitet, høg motivasjon og gjennomføringsvilje, kjenne kroppen godt og ha god treningsintelligens for å få noko utbytte av det. I tillegg set høgda klare begrensingar for intensitet, noko som ikkje alltid er like gunstig. Lengda på opphald er heilt avgjerande for om ein får blodeffekt, nokon får det ikkje likevel, blir ein sjuk i høgda er det stort sett bare å pakke saman og avbryte opphaldet. Trener ein med for stor belastning kan i verste fall ein heil sesong gå i dass, ja det er mange potensielt store risikofaktorar i eit slikt tiltak. Eit høgdeopphald er ikkje noko eg vil anbefale unge og uerfarne utøverar, det er ein grunn til at vi ikkje sender dei yngste utøverane våre dit. Urettferdig vil nokon sei, tja, eg meiner ikkje det. Målet heilaggjer midla. Toppidrett er aldri rettferdig

Treningstilstanden i gruppa er god. Vi har hatt nokon utfordringar med langvarig skadeproblematikk og langvarig sjukdom. Nokon har og respondert dårleg på trening i kortare periodar, noko som gjer at ein må setje inn tiltak. Erfaring seier at ei sesongoppkøyring sjeldan går heilt som planlagt, ei heller hos oss. Likevel synes eg vi som gruppe har hatt ei god utvikling sidan mai.  Dei gongene vi har støtt på utfordringar har vi gjort gode valg og gjennomført fornuftige prioriteringar. Utøverane er offensive, positive og uredde, eg trur vi går mot ein knall-sesong!