Samlingsrapport Tignes

Publisert 13.11.2017 | Ukategorisert

Veidekke Vest, Tignes – Frankrike, 16.10 – 07.11

Tignes – Almes, vi budde øverst til høgre i landsbyen

Vi valde som kjent å splitte laget på oktobersamlinga denne sesongen. Jentene og Sivert reiste til deilige Alcudia for kvalitet og høgintensiv trening, medan Vebjørn, Torstein, Gjøran, Nils Magnus og Gaute reiste til Tignes i midten av oktober.

Ferdig med intervall opp Petit St. Bernard

Tignes i Frankrike ligg på 2100 moh, 2,5 timar køyring søraust for Geneve. Staden er kanskje ikkje så kjent som Val Senales og Ramsau men byr på minst like gode treningsforhold, i tillegg ligg den på meir gunstig bohøgde dersom hensikten med opphaldet er blodeffekt. Økonomisk er det også eit rimelegare alternativ til dei meir kjente plassane vi kan lese om på langrenn.com.

Romantisk kan det også vere i Tignes

Vårt formål med denne samlinga var erfaring og læring om høgdetrening, blodeffekt og auka prestasjonsevne i låglandet – samt å få trent litt på snø. Målsetjinga til laget er å rekruttere framtidige landslagsløperar, dei benytter seg av høgdetrening i stor grad så det var også eit forbereiande element gjennom dette opphaldet. Nokon av utøverane hadde gjennomført ei samling Livigno i sommar, slik at alle som reiste hadde erfaring med høgdetrening frå før.

Nilsi, Gjøran, Torstein

Risikoane ved å trene i høgda er stor men handterbar om ein er innstilt på det. Bare det å bo så høgt er ei belastning i seg sjøl med eit fall i VO2-max på 10-15%. Det vil i praksis seie at  har du 80 i 02 til vanleg så har du omtrent 70 på 2100 moh og godt nede på 60-talet oppe på breen. Då er det innlysande at treningshastigheten ikkje blir stor der oppe om ein prøvar å halde intensiteten nede, samanlikna med trening på havnivå. Plusser du på auka treningsbelastning, mindre oksygen tilgjengeleg – med ein kropp som desperat prøvar å utlikne dette, framad land, annan mat, bo tett, kø og venting  i heisen til breen, risiko for sjukdom og andre stressfaktorar – kan det sjåas på som litt gambling. Ser ein bort ifrå dette er fordelane også mange med forhåpentlegvis 7% auke i blodcellemasse som den store jackpoten, i teorien vil dette føre til auka VO2max som igjen kan føre til auka prestasjonsevne. Inspirasjon frå gode treningstilhøve i vakre omgivelsar, intensitetstyring på kvar økt, auka kontroll på treningstiltak, skigåing i velpreparerte løyper, erfaring i å gjennomføre trening på ulike høgder er andre positive faktorar. Kostnadane er heller ikkje ille samanlikna med kva det kostar å arrangere samlingar i Norge.

Slik ser 3 kg leverpostei ut i all sin prakt

Vi hadde ein treningsmal som utgangspunkt, sjølvsagt med moglegheit for individuell tilpasning. Treningsfagleg er den forankra i ein «LivehighTrainhighTrainlow»-modell, for spesielt interesserte så kan du sjå planen i sin heilhet nederst i dette innlegget, der vil du sjå at det er eit relativt traust regime og ingen element av gambling. Vi reiste ikkje ned dit for å utfordre velkjente treningsprinsipp og belastning. Vi vektla eindel trening i sone 1-3 med nokon få innslag av i4-i6, sistnevnte økter blei køyrd lågt – mellom 800-1500 moh. Vi testa laktat på så godt som samtlege økter, i tillegg hadde vi ein laktatprofil kvar 5.dag, dette for å kunne kontroller treningsbelastninga og fange opp eventuelle endringar tidleg – slik at ein «worst case scenario» kan rekke å setje inn tiltak før «det er for seint». Vi la dei mest intensive øktene til siste del av opphaldet, vi køyrde ein kort i4-intervall før vi runda av med eit «testløp» som siste hardøkt.

Intensitetstyring er viktig

Date Day Session 1       Session 2       Phase   Remarks       Total
16.okt 1 Reisedag Aclimation
17.okt 2 Gå/løp  2.00 Tignes –> 3000moh 2
18.okt 3 Ski 2,5 Grande Motte –> 2800 moh 2,5
19.okt 4 i2/3 3×8(3 min) skigang Recovery spinn + styrke Val d`Isere –> 1800 moh 3
20.okt 5 Ski 2,5 Laktatprofil Grande Motte –> 2800 moh 3
21.okt 6 6×8(2,5 min pause) i3 skate rollerski Recovery spinn + bad General San Bernardo Pass/Col de I`Lseran 1800-2800 moh 3
22.okt 7 Løp 3.00 5×25 i6(1 min) + 45 min i2 staking Les Arcs –> 900-1500 moh 4,5
23.okt 8 Ski 2,5 + i8 Styrke Grande Motte –> 2800 moh 3,5
24.okt 9 7×8(2-2,5 min) classic rollerski San Bernardo Pass/Col de I`Lseran 1800-2800 moh 2
25.okt 10 Ski 2,5 Løp 2.00 Grande Motte –> 2800 moh 4,5
26.okt 11 Ski 2,5 + i8 Laktatprofil+Styrke Grande Motte –> 2800 moh 3,5
27.okt 12 8×8(2-2,5 min) skigang Val d`Isere –> 1800-2500 moh 2
28.okt 13 Ski 2,5/Kvile 5×25(1min) + 45 min i2 staking Les Arcs –> 900-1500 moh 4
29.okt 14 Ski Styrke Grande Motte –> 2800 moh 3,5
30.okt 15 1×8 i3(2 min) + 4×5 i4 (3 min) + 1×8 i2/3 skate Løp 2.00 Les Arcs –> 900-1500 moh 4
31.okt 16 Ski 2,5 + i8 Grande Motte –> 2800 moh 2,5
01.nov 17 Ski 2,5 + i8 Laktatprofil+Styrke  Val d`Isere –> 1800-2500 moh 3,5
02.nov 18 25-30 min distanse i4 classic rollerski Recovery spinn + bad Montvalezan –> 1000-1500 moh 3
03.nov 19 Løp 2,5 5×25(1 min) + 45 min i2 staking Les Arcs –> 900-1500 moh 4
04.nov 20 Ski 2.00/kvile Re-aclimation Grande Motte –> 2800 moh 2
05.nov 21 Løp 1,5 + styrke Tignes –> 3000moh 2
06.nov 22 Ski 2.00 Grande Motte –> 2800 moh 2
07.nov 23 Reisedag 64

Treninga går som ein leik når du har 300 i VO2max

Responsen på trening i høgda var noko blanda, nokon aklimatiserte seg fortare enn andre, dette er veldig individuelt og ikkje eit «styrkeforhold», sånn er det bare. Vi erfarte også at ein kan få nokon ubehagelege opplevelsar på trening, avogtil har ein bare ikkje dagen utan at det er så lett å finne årsaken, det kan vere vanskeleg å akseptere for ein toppidrettsutøvar som ofte er avhengige av å få vite årsak-samanheng. Eg synes utøverane var flinke til å ikkje ta nokon sjangsar, vi avbraut heller økter framfor å «satse på at det går bra». Det å få i seg nok mat og drikke er utfordrande, behovet er større i høgda enn låglandet, det høyres enkelt ut i teorien men når ein er innstilt på ei viss mengde til vanleg er det lett å ubevisst sovne litt og tenke at det ein får i seg er nok. Det er det faktisk ikkje. Vi fekk to tilfeller av dehydrering (deriblant u.t) sjølv om eg med handa på hjertet kan sei eg ikkje syns vi slurva. Det viser kor viktig det er å vere på ballen, ha gode rutiner og gjennomføringsevne.

Dei beste snuppene

Livet på ein høgdeleir er ganske monotomt, det består av: Stå opp – ete – reise til funiculairen (tog inne i fjellet) – trene – reise ned igjen – lunch – kvile – ete – trene 2.økt – ete middag – sosialt – kveldsmat– slik går no dagan. Når kvelden kjem er ein ganske «mett». Det at internett var relativt treigt der nede resulterte i at det blei spelt mykje kort, amerikaner, president, idiot, poker, enkelt og bra for miljøet i gruppa framfor å ligge å glane på ein skjerm til einkvar tid.

ALLTID god stemning i Veidekke Vest

Vi hadde stort sett fint vær der nede, kun eit par dagar måtte vi endre planane pga uvær oppe på breen. Vi gjennomførte så godt som alt av planlagt trening og er godt fornøgd med kvaliteten på det vi gjorde. Korleis det slår ut blir spennande å sjå, vi vil få ein indikator på det allereie til helga på Beitostølen.

Tignes – Le Lac

Apropos Beitostølen, no er vi jaggumeg snart i gang! Nesten 6 mnd med førebuingar er over og vi vil no sjå kva vi er gode for. Nokon vil prøve å gå fort på Beito medan andre vil vente litt til NC på Gålå. Vi ynskjer alle saman lykke til, måtte det bli ein kul sesong!

The Nilsminator er hoppande glad for sesongstart

 

 

Breen vi trente på låg på ca 2800 moh

Lite snø i starten av opphaldet

MAgisk etter eit lite snødryss