Oppsummering av sesongen så langt <3

Publisert 29.01.2018 | Ukategorisert

Karoline under duathlon NM

Vi er no ferdig med fyrste «halvdel» av sesongen som starta på Beitostølen i midten av november. Vi har vore på Beito, Norgescup på Gålå, Skandinavisk cup i Vuokatti og Piteå samt NM på Vang. Så langt har vi hatt gode prestasjonar i  alle rennhelger, eg skal ikkje ramse opp alle men nevner at vi har hatt 7.plass på Beito, 5.plass på Gålå, 7.plass i Vuokatti, 5.plass i Piteå og 5.plass i NM som beste resultat. Som lag har vi variert litt i prestasjonane naturleg nok, nokon er fornøgde og andre ikkje like fornøgde med det vi har prestert. Vi har gjort gode løp i skøyting, klassisk, distanse og sprint.

Gutta i bua etter prologen på NM-sprinten

Foran den neste «bolken» med renn, Norgescup Åsen om 10 dagar og Skandinavisk cup i Trondheim i slutten av februar, er det viktig å mobilisere ein god treningsperiode og komme i angrepssposisjon igjen. Etter NM hadde vi ei veke der vi gjorde litt som vi ville etter ein intensiv periode med renn nesten kvar helg. Førre veke og denne veka har vi lagt inn ein ressursperiode som vi forhåpentleg skal nyte godt av dei kommande helgene. For nokon er dei ekstremt viktige med tanke på uttak til WC i Drammen og Holmenkollen i mars. Nålauget er veldig trangt for å kome med i troppen på 15 menn og 15 kvinner. Det betyr at vi må levere gode prestasjonar og vise god form for å kome i betraktning

Renate får gode råd av Øystein undervegs på NM-duathlon

Heilt tilslutt måvi jo nevne at det er veldig inspirerande å sjå våre brødre og søstre frå dei andre Veidekke-laga gjere det bra på den internasjonale arenaen både i Worldcup og ikkje minst i U23-VM. Gratulerer med strålande innsats så langt, vi skal gjere vårt ytterste for å vere med å kjempe om like gode prestasjonar i tida framover!

Østein tester ski til den store gullmedaljen

Vebjørn og tidlegare TVV-løpar Hege Djukastein

Gutta på skauen under NM

Smøreteamet i iherdig arbeid

Verdensmester Lars Berger gjer tips&trix til Nora og Sivert

God stemning i løypene!

Må ha bjeller under NM – MÅ ha det