Norgescup, Scancup, Worldcup, Helterennet, Birken, Kina og litt til!

Publisert 16.03.2018 | Ukategorisert

Sidan sist har det skjedd veldig mykje, fest setebeltene:

  • Gjøran blei historisk og tok laget fyrste NC-siger sidan oppstarten i mai 2015. Det skjedde på sprint fristil på Åsen 09.02.18. Det er vi veldig stolte av og vi håpar det er starten på på ein epoke der vi jamnleg er med og kjempar om pallplassar                                                                                                         
  • Det var vi i høgste grad under Scancup i Trondheim, vi hadde både Vebjørn og Gjøran med i finalen på sprinten. Det blei mykje klabb og babb og endte med 4. og 6.plass, skuffande der og då såklart men i ettertid er laget godt fornøgd med å ha 2 i ein finale på Skandinavisk cup         

    Gjøran og Vebjørn – Scancup Trondheim

                                              

  • Dei gode sprintresultata blei belønna med WC-billett og tur til Lahti på ordinær kvote for Gjøran. Han debuterte med ein knallsterk 8.plass i prologen og fekk ein flott 14.plass totalt, veldig bra!       

    Gjøran ein skotupp frå å gå vidare til semi i Lahti

                                                       

  • Store delar av laget var samla på Rauland førre veke.

    God stemning på Rauland

    Der fekk vi trent godt og starta på evaluering av trening, samlingar, konkurransar og korleis vi tenker vi vil ha det neste sesong. Det var veldig nyttig for oss å kome i gang med dette slik at vi kan ha opplegget ferdig spikra når vi startar ny sesong i mai. Vi hadde også som mål å slå Team Telemark på heimebane i ein prestisjeduell under det 42 km lange Helterennet. Det blei ei spennande batalje der vi vann dobbelt med Vebjørn og Karoline, Gaute blei 2 og Torstein 8. Perfekt! 

    Dobbeltseier med Vebjørn og Karoline på Helterennet. Trygve-san godt nøgd!

     

  • Veldig fint å sjå at Nora og Sivert er tilbake i trening etter lengre sjukdomsperiode, no peker alle pilene mot at vi stiller fulltallige på NM del 2 som går i Alta fyrste helg etter påske.   

    SIvert og Nora tilbake i trening

                                                                                     

  • I morgon er det Birkebeiner-rennet frå Rena til Lillehammer, Gaute-bassen representerer Veidekke Vest. Han stakar, noko han også gjorde i fjor og på Helterennet, målet er å forbetre fjorårets fine 36.plass totalt.                       
  • Renate skal til Kina saman med mange andre landslagsløperar rett over helga. Der skal ho vere med på China City Sprint Tour som er sprint fristil, det blir spennande!   

    Renate er klar for Kina

                                                                                                                              

  • Neste for laget er avsluttinga på sesongen under NM del 2 i Alta. Der er det lagsprint, 10 km klassisk og 5-mil skøyting på programmet. Vi håpar å bite frå oss på alle distansane:)