Ny sesong – nytt lag. Samlingsplan – åpen samling <3

Publisert 29.05.2018 | Ukategorisert

Vi har fått to nye løperar på laget. Ut gjekk Renate og Nils Magnus medan Sondre Ramse og Jon Rolf Skamo Hope kom inn, det blir spennande!

Årets trenings-sesong har vore igang ei stund no og vi har hatt to samlingar allereie. Ei oppstartsamling på Lillehammer og ei samling saman med Oslofjord og Nord-Norge på Setermoen i Troms. Det var ein fin måte å bli kjent med mange nye løperar på tvers av lag, her er ein videosnutt som viser litt av det vi gjorde https://youtu.be/kXrZHAQrm_I    

Årets samlingsplan er som fylgjer

Mai: Lillehammer – Setermoen

Juni: Fyresdal

Juli: Folgefonna

August: Blinkfestivalen – Toppidrettsveka

September: Hovden (åpen samling) – Torsby

Oktober: Mallorca/Tignes

November: Der det er snø

Åpen samling blir iår på Hovden frå 02.-07.09. I fjor var vi veldig mange og det var veldig kult, håpar det blir like bra oppmøte iår, meir info kjem i august.

 

Nesten 30 stk på åpen samling ifjor

Status på vårt lag pr idag er ganske grei, vi har framleis nokon langvarige sjukdomsavbrekk men håpar vi kan mønstre fullt mannskap på årets beste samling i skimetropolen Fyresdal 11.-17.06 <3

Håpar mange er kome godt igang med treninga! Ha ein fin dag <3