Samlingar, testing, treningsfilosofi og anna cayenne-pepper

Publisert 29.06.2018 | Ukategorisert

Tida flyg og vi har kome godt i gang med trenings-sesongen. Vi har gjennomført samlingar på Lillehammer, Setermoen og no sist i paradiset alle snakkar om, Fyresdal <3

Sondre elskar Fyresdal

Vi har fått testa eindel av utøverane på Lillehammer med god hjelp av Joar Hansen på HIL/OLT. Det gav oss nyttige svar: Ein status på kordan vi ligg an i forhold til verdseliten,  samt kva som er hensiktsmessig å prioritere i det intensive arbeidet framover. Det blir spennande å sjå om tiltaka gjev framgang på neste testrunde i august.

Vi vel å dedikere samlingane til matching. Det vil i praksis seie at vi prioriterer ein intensiv profil med fleire veldig harde hardøkter på samlingane, tonar ned volum og styrketrening betrakteleg. Vi har mange utøverar med ulike eigenskapar på veldig høgt nivå, vi tenker difor det er best for oss å bruke spisskompetansen i laget, sjekke status og måle framgang gjennom hardøkter. Vi samlas ikkje meir enn 1 x pr mnd, då har vi 3 veker der kvar enkelt kan prioritere grunntrening og det som passar den enkelte utøvar.

Veidekke Vest elskar Fyresdal

Status i laget er pr nå bra. Vi har nokon som har fått trent bra heile vegen medan andre har måtta tatt litt hensyn og trappa opp trening gradvis etter lengre sjukdomsperiodar. Det er utfordrande for utøverar som ikkje får trent som dei vil, det er det verste som kan skje ein idrettsutøvar. Det er også vanskeleg for støtteapparat når det ikkje er klart definert kva som er problemet, årsaken og korleis ein skal løyse det. Det einaste som er sikkert då er at ein må ta det roleg, sjå framover og ha tolmodighet. Lettare sagt enn gjort!

 

Neste samling blir Folgefonna 8.-13.07. Vi har ikkje vore der før så det blir spennande å sjå korleis snøen på vestlandet er i juli. I august reiser vi til Blink-festivalen og Toppidrettsveka for å matche oss mot verdenseliten. God sommar!

Alle elskar Fyresdal