Blink-festival – Toppidrettsveka og open samling Hovden

Publisert 08.08.2018 | Ukategorisert

Favorittbloggen er endeleg tilbake med ei statusoppdatering:

Vebjørn på Lysebotn. Foto: B.M.Bryn

Blink-festivalen vart ei positiv oppleving for oss. Vi reiste dit for å hevde oss i toppen og vi er veldig fornøgd med at vi klarte det. Vebjørn med sterk 4.plass i Lysebotn og på fellesstarten, Gjøran med 4.plass i eit knallhardt sprintfelt, Torstein nr 7 på fellesstarten og Sondre og Sivert med gode opplevingar på fellesstart og sprint gjev optimisme på at det vi har prioritert hittil har vore av god kvalitet. Samstundes er det eindel vi ikkje er heilt fornøgd med så vi må komme oss tilbake på jobb.

Vi er av den oppfatting at vi skal trene for å konkurrere, ikkje konkurrere for å trene, difor er det viktig for oss å gjennomføre konkurransar med god kvalitet. Vi skal drive med toppidrett, då kan vi ikkje innta ei “næsj men det er jo bare trening”-holdning. Vi deltek bare på Holmenkollen Skishow, Spar-sprinten, Blinkfestivalen og Toppidrettsveka så det blir ikkje så mange konkurransar før skisesongen er igang, difor er det viktig å vere 100% på når startskota går.

Fonna i juli

Vi har litt ulike prioriteringar i treningsarbeidet innad i laget, det er ikkje alle som har så mykje trening i kroppen ennå så vi reiser med “bare” 5 gutar på Toppidrettsveka. Målet er som alltid, hevde oss i toppen. Om det var god motstand på Blinkfestivalen så blir det ikkje noko dårlegare på Toppidrettvseka, det blir løye!

Håpar på like god stemning langs løypa på Toppidrettsveka

Som ifjor har vi ei open samling på Hovden i perioden 02.-07.09. Her ynskjer vi at flest mogleg av seniorane i eigarkretsane blir med, ifjor var vi nesten 30 stk og det var heilt topp. Det er ein super mulighet til å få testa formen, lære av dei beste og bli betre kjent. Samlingsplanen blir lagt ut på denne heimesida veka etter Toppidrettsveka, det som er sikkert er at det blir 3 intensive økter iløpet av man-fre og ca 20 timar trening totalt. I tillegg blir det leirdueskyting (betalas sjølv) og quiz med gedigen premie. Det blir også ein kveld der de får eit detaljert innblikk i korleis vi trener og mulighet til å stille alle spørsmål mellom himmel og jord til utøverar og trener på Veidekke Vest. Vi vil også gå igjennom  retningslinjer for kva som må til for å kvalifisere seg til laget neste år. Som nevnt tidlegare må de syte for kost og losji sjølve, vi har ikkje nokon moglegheit til å bistå med det. Det er gode moglegheitar for rimeleg overnatting blant anna her:  http://hovdenalpinsenter.no/overnatting/

Er det noko de lurar på i forbindelse med samlinga er det bare å kontakte underteikna trener på tlf 915 95 155, vi sjåast 🙂

Alle gleder seg til open samling på Hovden!