Toppidrettsveka + Jon Rolf <3 – samlingsplan + info open samling Hovden

Publisert 20.08.2018 | Ukategorisert

Damenes jaktstart

Toppidrettsveka er saman med Blink-festivalen eit av årets høgdepunkt under sommartreninga. Der får vi matcha oss mot internasjonal motstand av høg klasse for å sjå korleis vi ligg an. Konkurranseprogrammet var litt annleis iår med duathlon fyrst. Her vart Sondre vår bestemann med ein 17.plass. På langløpet vart Gaute nr 21, Gjøran vart nr 6 på sprinten og vår bestemann totalt med ein 8.plass samanlagt. Alle resultat ligg ute her http://elittiming.se/race/2018/tiv/ Totalt fekk vi nokon positive opplevelsar men også ei påminning om at det er andre som trener bra og at nivået i Norge er vannvittig høgt, nesten skremmande.

The Stig har full kontroll på stavane før jaktstarten

Ellers er vi veldig glade for at Jon Rolf er tilbake i konkurranse igjen. Han hadde ein trøblete start på året med ei lang sjukdomsperiode men har vore tolmodig og flink i treningsarbeidet, det gjev resultat. I helga var han med på to konkurransar under Tour de Synnfjell og vann begge to med blant anna ny løyperekord under Spåtind Opp, alle resultat finn du her http://www.synnfjell-arrangementer.no/tour-de-synnfjell-2018/

Neste for laget sin del no blir testing på Lillehammer. Her får vi ein ny status på om dei treningsprioriteringane vi planla i vår har gjett resultat. Det er også naturleg å ta ei evaluering og sjå om det er noko som bør endras på i treningsarbeidet, det er 3 mnd igjen til sesongstart og skal noko gjerast annleis må ein starte no.

Frilsjøen-lovers

Open samling Hovden

No er det ikkje lenge igjen til open samling på Hovden 02.-07.09. Det blir ei intensiv samling med litt mindre mengde men anbefalar å ha overskot til hardøktene, her er samlingsplanen i sin heilhet:

Søn kl 16:

  • 15 min infomøte om samlinga ved parkeringa på rulleskiløypa
  • 1,5 t skate inkl 4×30 sek

Man

  • 10×3 min i4+ skate – 1 min pause
  • Rest 1.00 løp + kort vedlikehald styrke

Tys

  • Langtur løp 3.00
  • Individuell økt skate 2.00 teknikk
  • Leirdueskyting – denne må betalas sjølv, kostar 250 pr 25 skot serie inkl leige av hagle og duer

Ons:

  • 10/15 km testløp klassisk
  • Rest 1.00

Tor:

  • 6-7x6min i4 low elghufs
  • Rest 1.00 klassisk
  • Infokveld Team Veidekke Vest. Her vil det bli informert om korleis laget og våre utøverar trener, årleg samlingsplan og spesifikt innhald, det vil bli anledning til å stille spørsmål om alt de måtte lure på hos utøvarar og trener – samt informert om kva som kreves for å vere aktuell for laguttak neste år. Vi avsluttar med ein veldig uhøgtideleg quiz – NB: Enorme premiar!

Fre:

  • Langtur klassisk 3.00 inkl 4×30 sek

Den offisielle delen av samlinga avsluttas til lunch fredag. Vi har leigd hytte til sundag og nokon av utøverane kjem til å vere igjen å trene den helga. Det blir anledning til å vere med oss for dei som ikkje er på laget, vi avtaler nærmare på Hovden.

Øktstart på morgonane vil koordinerast med HVGS slik at dei har moglegheit til å vere med på dei aller fleste øktene. Det kan kome nokon ørsmå endringar på øktene men det vil isåfall bli kommunisert ut i god tid, det blir ingen vesentlege endringar på samlingsplanen slik den ligg ute her

Eg ynskjer veldig gjerne ei oversikt over kor mange vi kan forvente oss på samling, veldig fint om de kan gje meg ei tilbakemelding på tlf 915 95 133 eller på mail eabjaaland@yahoo.no . Det er også kontaktinformasjon dersom det er noko de lurar på i forbindelse med samlinga.

Vi gledar oss til å møtes på samling, håpar så mange som mogleg kjem!