Sesongopning på Beitostølen fredag <3

Publisert 13.11.2018 | Ukategorisert

Då er vi straks klare for sesongstart etter 6 mnd med grunntrening.

Vi har hatt samlingar på Lillehammer, Bardufoss, Fyresdal, Jondal, Hovden, Torsby, Mallorca og Beitostølen, i tillegg har vi deltatt på Blinkfestivalen og Toppidrettsveka. Det har vore ei god reise der ting stort sett har gått etter planen, vi har hatt eit par langvarige sjukdom/skade-tilfeller men bortsett frå det har vi fått gjort det vi har ynskja å prioritere.

Eg synes vi er godt førebudd, eg er heilt sikker på at vi er betre enn nokon gong – men det er det nok fleire som er. Det blir veldig spennande å sjå om vi klarer å vidareføre det vi har gjort på trening over til konkurransar, då er eg overbevist om at det blir veldig bra. Kva det held til av resultat er vanskeleg å spå, det viktigaste blir å gjere den jobben vi har gjort i heile år så får vi telle opp etterpå. Kva andre gjer får vi ikkje gjort noko med, vi kan kun konsentrere oss om oss sjølve.

Dei to neste helgene blir viktige for oss, vi har eit mål om å få løparar til Worldcup og då må vi prestere bra nok både på Beito og Gålå. Nivået i toppen er veldig høgt, det er utruleg mange gode skiløperar i Norge, vi er blant dei.

Vi samlas på Beitostølen i morgon kveld for dei siste førebuingane saman med det fantastiske smøreteamet vårt. For oss vil desse stille til start i helga:

Fredag, 10/15km klassisk: Karoline – Vebjørn, Gaute, Jon Rolf

Laurdag, sprint fristil: Torstein, Gjøran, Sondre, Sivert

Sundag, 10/15 km fristil: Karoline – Vebjørn, Sivert, Gjøran, Sondre, Torstein, Jon Rolf, Gaute

 

Vi hadde siste samling for i år på Beitostølen førre veke, i videoen under kan du sjå lengre utdrag frå dei to  hardøktene vi hadde, husk å sjå oss på Nrk 1 på fredag kl 1030 !