Sesongstart – glede og skuffelse

Publisert 04.12.2018 | Ukategorisert

Jepsi pepsi, då er vi godt inne i den nye sesongen, livet er verdt å leve!

Åpninga på Beitostølen gjekk bra, vi hadde Gjøran med sin beste sprint nokonsinne, Vebjørn viser at han blir hard som stein, Torstein og Sivert har veldig gode sprintar, Ramsebass med flotte løp, Karrosnuppa går som ei klokke. Når ting går bra er det bare moro, dei får masse oppmerksomhet og det går nesten av seg sjøl, flyten.

Vi har også nokon som ikkje får ut det dei er gode for og også ikkje eigong kjem til start, det er meir krevande. Det å skulle glede seg over lagkameratar samstundes som ein skal handtere si eiga skuffelse er ei krevande oppgåve. Veldig veldig vanskeleg men mogleg. Å skulle vere objektiv til si eiga subjektive oppleving samstundes som ein får veldig mykje input og meiningar frå mange forskjellige hald, krev at ein har tunga rett i munnen. Veldig mange har meiningar og oppfattingar men det er kun utøvar sjølv saman med dei som er tett på som bør ha kvalifisert oppfatting. Ein treng ikkje gjere det verre enn å la dei verste følelsane rase frå seg, få litt distanse og perspektiv før ein set seg ned og analyserer. “Kva skjedde? Kvifor skjedde det? Kor står du? Kor vil du? Korleis skal ein kome dit?” er enkle men gode spørsmål å stille i ein situasjon der utøvar opplevas som ikkje-fungerande eller presterer under forventa nivå.  Det er også slik at det er ingenting som blir fortare historie enn eit skirenn, det er ein ny sjangse neste helg allereie, ting kan snu fort, ofte kan det vere veldig enkle ting som kan gjere store utslag, det er viktig å ikkje bli passiv men angripe situasjonen, vi er såvidt kome igang.

Den fyrste Norgescupen på Gålå blei historisk bra. Vi hadde kjempemange gode prestasjonar, eg skal ikkje bruke tida på å Ramse dei opp anna enn å sei at eg er veldig godt nøgd med gjennomføringa til løperane og støtteapparatet.

Etter ein veldig god sesongstart vart Vebjørn og Gjøran tekne ut til WC på Lillehammer, veldig kjekt for dei men også for laget, det viser at det er mogleg å bli steingode også når ein er på eit Veidekke-lag, det er bare å kome seg på jobb! Etter ei helg der vi føler vi ikkje fekk vist heilt kva som bor i dei – er dei no klare for å revansjere seg på Beitostølen til helga. Det er viktig å få evaluert, nullstilt og kome i angrep igjen, eg synes begge  to er flinke på det og eg er heilt sikker på at vi får gode gjennomføringar der oppe!

Resten av laget førebur seg på Skandinavisk cup i Østersund neste veke, det handlar om å få gjennomført litt god gammaldags grunntrening slik at vi blir grunnsterke som Torgeir Bjørn seier. Vi gledar oss til å vise at Vest rett og slett er best 😉

Jon Rolf med sin største fan

Flotte forhold på Valdresflya

Karro skal bli grunnsterk