NM og vegen vidare ❤

Publisert 07.02.2019 | Ukategorisert

NM i Meråker er historie, eit fantastisk flott arrangement med panserløyper og real god stemning!

Vi starta høgt på 10 km klassisk med Karolines beste løp nokongong og ein super 15.plass, dette har ho jobba mykje og hardt for få til, flott å få puslepespelet på plass når det gjeld som mest. Vebjørn knalla også til med sitt beste klassiskløp hittil og ein frykteleg sterk 5.plass. Ein veldig god dag for oss. Gaute og Jon Rolf kom på 29. og 36.plass.

Fredag var det sprinterane sin tur, mykje stod på spel og vi landa med ein fin 7.plass på Gjøran, Sivert 18, Torstein 22 og Sondre 56. Ellers var dette ein tung dag sidan ein av mine støttespelerar til laget desverre gjekk bort. Kvil ifred fantastiske Håkon.

Laurdag var det duka for duathlon. Karoline kom litt bakpå i klassiskdelen og klarte ikkje hente den store gruppa foran seg, likevel ein godkjent 22.plass. Blant gutane var det mykje drama, Vebjørn vart nedrent, mista skien og fekk løpet øydelagt i finalen, Gaute fekk ein fin opptur med sterk 9.plass til tross for at han vart hovudvitne i tungvektsoppgjøret mellom Haga og Tønseth. Jon Rolf hadde ein positiv skøytedel og blei nr 33. Torstein fulgte opp ein god sprint med sin beste duathlon på lenge og ein god 36.plass.

Vi hadde veldig gode ski under NM, det er ikkje tilfeldig, smøreteamet står på døgnet rundt for oss og det er vi evig takknemelege for: Karl, Trygve, Kjell og Lars – de får altfor lite skryt, neste gong kjem det bilde av dykk og 😍 Vi hadde også med top secret super-assistentar i Nils Magnus og The Stig, tusen takk for hjelpa!

Neste helg blir det NC og U23-NM i Hommelvik, her skal vi stille knallsterkt og kjempe om pallplassar og medaljer. Vi har også eit håp om å få med eit par stk til Worldcup i Cogne same helga, det blir spennande å sjå uttaket på måndag. Fram til då utnyttar vi dei fine treningstilhøva landet rundt og legg ned ei solid blokk med trening

På gjenhør!