Vegen mot nytt uttak Veidekke Vest

Publisert 05.04.2019 | Ukategorisert

Sesongen 18/19 er over og det er mange som har byrja planlegge fram mot den neste. I den forbindelse får eg mange spørsmål knytta til uttak av nytt Veidekke Vest

Gangen er slik: Veidekke Vest venter til landslaga er tatt ut og offisielt presentert. Veidekke Vest kjem difor med uttak veke 19.

Uttakskriteria som er vedtatt av alle eigarkretsane blir presentert under her:

Uttakskriterier Team Veidekke Vest

  • Løparane på laget skal tilhøyre klubb i Hordaland, Sogn og Fjordane eller Agder og Rogaland skikrets. Løparar som dei seinare åra har gjort klubbyte til ein klubb utanfor regionen er aktuelle for uttak, om dei melder overgang til ein klubb tilhøyrande regionen. Det vil ikkje bli gitt karantene om løparane har hatt tilknytning til klubb i regionen i oppveksten.
  • Resultat i sesongen forut for uttak vil bli vektlagd. Juniorresultat vil verte vurdert opp mot seniorresultat på bakgrunn av tidsanalyser og FIS-poeng. Målet med laget er å få løparar  inn på rekruttlandslaget. Difor vil uttaket ha som utgangspunkt at løparane skal kunne vere aktuelle for dette på sikt.
  • Unge løparar vil verte prioriterte i uttak, om resultatgrunnlaget ellers er likt.
  • Laget er ei eit seniorlag. Laget vil ikkje ha ei aldersgrense oppover, men det er avgjerande at løparane på laget har stort potensial til å vidareutvikle seg.
  • Løparane må vere motiverte og viljuge til å satse på eit høgt nivå. Løparar kan verte innkalla til intervju forut for uttak.
  • Løparar som representerer Team Veidekke Vest skal vere inkluderande, inspirerande og motiverande for andre løparar i regionen. Personlige eigenskapar kan difor vere avgjerande for plass på laget.
  • Kvinner og menn vurderast likt. Det vil ikkje vere kjønnskvotering. Målet er likevel 30% kvinner på laget.
  • Løparar vurderast likt uavhengig av kva krets dei tilhøyrar. Det vil ikkje vere regional kvotering. Målet er likevel å ha løparar frå alle tre kretsar på laget.
  • Uttakskomiteen består av trenar, ein representant frå NSF og styringsgruppa.
  • Dersom det er usemje om uttaket skal det avgjerast ved avstemming i uttakskomiteen.
  • Dersom nokre av medlemmane i uttakskomiteen har familiær knytning til aktuelle utøvarar vert dei erstatta av ein vararepresentant.

Det er ikkje vedtatt noko spesielle resultatkrav men det er naturleg å tenke at for å vere aktuell i høve til uttakskriteria og målsetjinga med laget jmf pkt 2 – å rekruttere løparar til landslag – så er det ynskjeleg å ha prestert topp-30 resultat i NM/SC/NC som senior eller topp-10 i NM/NC juniorklassane for å vere med i betraktning. Det er heller ingen garanti for å komme med om ein skulle ha oppfylt dette.

Løperar som er aktuelle blir kontakta av trenar etter påske. Trener innstiller deretter lag til UK som endeleg avgjer uttaket.

Skulle det vere spørsmål knytta til noko av dette, ta kontakt med trener Eivind Arne Bjaaland på tlf 915 95 133