Open samling i Førde

Publisert 14.10.2019 | Ukategorisert

Forrige veke var me på samling i Førde, ein heilt fantastisk plass – i hvert fall i følgje vår eigen førdianar Gjøran Tefre. Me har budd på Scandic Sunnfjord Hotel og Spa, og blitt behandla meget godt! Denne samlinga var open for alle seniorløparar som tilhøyrer Vest-regionen, så alle som ynskte kunne få vere med å trene med oss!

               

Samlinga starta med ein solid mengdedag med både langtur skøyting og løp på tirsdag! På 1.økta prøvde Bjelle å lære oss perfekt skøyteteknikk, så får me se om det gir resultat litt seinare i vinter!

Onsdag smalt det igang med ein 10×3 min klassisk intervalløkt i Norges-Cup løypene for kommande vinter! Med selskap fra både kretslaget i Hordaland og Sogn & Fjordane blei det bra trøkk på økta! Jaktstart-Aron viste utruleg form og satt både brun og blid-Gaute og Onkel-Jon på plass! Kven skulle trudd det?
Nok ein hardøkt på torsdag, og den bestod av ein kontrollert i3 intervall! Sjølvsagt ikkje utan noe top secret shit undervegs!

Fredag og lørdag innehaldt rolege og litt lengre økter igjen! Me kom oss mellom anna opp på Hafstadsfjellet via Bystien (eller kom du deg til toppen Bjelle?), og fekk god utsikt over heile Førde! Me har også vore så heldige og fått trene på Spenst Førde denne veka, så der fekk me lagt ned fleire gode økter. Sjølvsagt innehaldt det timesvis med maksstyrke, kan jo verkeleg ikkje gløyme det..

Nils har og vore med oss på samlinga! Han har vore til stor hjelp med blant anna teknikk samt at han har knadd og løyst opp i sliten muskulatur!

Samlinga blei avslutta med 10/15 km rulleskirenn på Langeland Skisenter i fantastisk haustvær på søndag! Eit flott arrangement der fleire viser stigande form! På guttesida gjekk Onkel styggfort, så dei som skal slå han i vinter må verkeleg opp i ringa! På jentesida trakk Karro det lengste strået, og tok seieren!

No ventar ei veke med trening heime før me setter kursen vidare til Torsby!

Skrevet av:

Karoline Simpson-Larsen

Team: Team Veidekke Vest

Siste artikler fra Karoline